Øystein Vidnes (f. 1976) er designar, forfattar, omsetjar og illustratør. Han er opphavleg utdanna litteraturvitar og var med å starte mikroforlaget Gasspedal i 2000. Mellom 2005 og 2013 har han vore designaren bak kulturtidsskriftet Vagant. Han lagar bokomslag og bøker for forlag i Noreg og Danmark. Han er no basert i Leikanger i Sogn.
Vidnes har vunne fleire prisar i kåringa Årets vakraste bøker. I 2015 fekk han tildelt gull for utforminga og illustrasjon av romanen MS Liv av Rolf Sagen.
Omsetjinga hans av Robert Musils Tre kvinner i Skalds klassikarserie har blitt premiert med Kritikarprisen for beste omsetjing 2017.