Bli med reiseeksperten Gunnar Garfors på tur og la deg inspirere! Denne gongen går turen til Austlandet, ein «underdog» når det kjem til noregsferien. Mange har valfarta til Vestlandets fjordar og fjell og Nord-Noregs fantastiske natur, medan dei meir austlege destinasjonane har fått ligge som skjulte perler på ei snor. Reisemåla passar både til dagsturar, helgeturar eller vekeslange feriar.

Boka utfordrar biletet vi har av Austlandet som feriedestinasjon, og freistar oss til å reise til stader dei fleste av oss aldri ville funne fram til på eigahand. Austlandet er så mykje meir enn hovudstaden og Hemsedal, og Garfors viser veg til restaurantar i verdsklasse, spektakulære natur- og kulturopplevingar og overnattingsstader du ikkje har sett maken til – garantert fritt for kø og trengsel.

Bortom allfarveg Austlandet er den tredje i serien av bøker som tek sikte på å inspirere til å reise både innanlands og annleis.

2023
Nynorsk
17,0 x 21,0 cm
272 sider
Trådinnbunden, offset-trykk, foliepreg, rikt illustrert.
Klimanøytral produksjon

Formgjeving: Øystein Vidnes

ISBN 9788279593553

Sagt om boka:

«Jeg blir så stolt, og jeg er så glad for at Gunnar har skrevet denne boka. Vi reiser til Italia, leser oss opp til å finne de gode stedene, og så har vi det her i Norge. »

«Boka er spekka med bilete og levande forteljing, slik me veit Gunnar Garfors er god på. Om du er ute etter kortreist ferie, er kanskje dette ei bok du bør bla i før du bestemmer deg.»

Handlekorg
Lukk
Handlekorga er tom.
-+
Tittel
Tal
Pris

Totalt: NOK

MVA utgjer NOK

Fri frakt i Noreg

Send inn manus
Lukk
Kjøpsvilkår
Lukk
Foreign rights
Lukk