Kjøpsvilkår

Slik kjøper du bøker på skald.no
Når du klikkar på kjøpsknappen eller handlekorgsymbolet under boka, blir boka lagd i handlekorga di øvst i høgre hjørnet på sida. Du kan når som helst gå til handlekorga for å endre varene i korga eller gå vidare til kassa. Når du klikkar på «Gå til kassa», blir du leia vidare til utfylling av leveringsadresse og derfrå til betaling. Når betalinga er gjennomført og ordren er registrert, får du ei ordrestadfesting. Du vil få ein ny e-post med sporingsnummer så snart ordren din er sendt.

Registrering av informasjon
Vi registerer opplysningane dine utelukkande for å gjennomføre det aktuelle salet. Informasjonen du oppgir, er konfidensiell, og vi sender ingen informasjon vidare til tredje part, utanom det som trengst for å gjennomføre av kjøpet og levering.

Følgjande informasjon vert delt med tredjepart:

Leveringsinformasjon:

Betalingsinformasjon:

Registrerer du deg som mottakar av nyhendebrev, vil berre namnet ditt og e-postadressa bli lagra og utelukkande bli brukt til dette formålet.

Frakt og levering
Vi sender alt fraktfritt i Noreg. Bøkene vert sende direkte frå lageret vårt hos Sentraldistribusjon AS. Du vil få ein e-post med sporingslenkje så snart ordren er sendt.

Betaling
Kortbetaling vert handsama av Stripe. Ved vanleg kjøp vil summen først bli trekt når ordren er sendt. Ved førehandskjøp vert summen trekt 6 dagar etter bestilling. Når du gjennomfører ein betalingstransaksjon, vert informasjonen kryptert og sendt direkte til Stripe. Informasjonen kjem aldri innom våre system.

Angrerett
For kjøp på skald.no gjeld «Lov om opplysningsplikt og angrerett osb. ved fjernsal og sal utanfor fast utsalsstad (angrerettloven)». Angreretten gjeld i 14 dagar etter at varen er levert. Retursendt vare må vere i same stand som då du mottok han. Evt. frakt på retur blir betalt av bestillar. Merk returen tydeleg med namn og ordrenummer.

Feil ved leveransen
Ved feil eller manglar i leveransen, ta kontakt med oss på forlag@skald.no. Legg gjerne ved eit bilete av ev. skade. Skald dekkjer kostnadar for retur av mangelvare. Merk returen tydeleg med namn og ordrenummer.

Returadresse:
Skald
Pb. 61
6861 LEIKANGER

Handlekorg
Lukk
Handlekorga er tom.
-+
Tittel
Tal
Pris

Totalt: NOK

MVA utgjer NOK

Fri frakt i Noreg

Send inn manus
Lukk
Kjøpsvilkår
Lukk
Foreign rights
Lukk