Nyhendebrev frå Skald

Melder du deg på nyhendebrevet vårt, vil du få nyhende og gode tilbod frå Skald rett i innboksen. Vi handterer opplysningane dine med respekt, og informasjonen vert trygt lagra hjå nyhendebrevleverandøren Mailchimp.

Vilkår for påmelding
Påmelding til nyhendebrev frå Skald er gratis og uforpliktande. Om du skulle ombestemme deg, er det berre å klikke på lenkja «meld deg av nyhendebrevet» i botnen på alle e-postar du får frå oss eller ved å kontakte oss på forlag@skald.no.

Ved å akseptere dei følgjande vilkåra, samtykkjer du til at Skald AS kan sende deg e-post om:

  • Utgivingar frå Skald.
  • Informasjon om Skald.
  • Tilbod, konkurransar, sal og arrangement i regi av Skald.

Når du fyller ut påmeldingsskjemaet, samtykkjer du til at Skald AS samlar inn, registrerer og lagrar personinformasjonen du har oppgitt for å kunne sende deg nyhendebrev. Du kan når som helst be om å få innsikt i og endre informasjonen vi har lagra om deg ved å klikke på «oppdater innstillingane dine» i botnen på e-postane du får frå oss.

Skald vil bruke opplysningane dine utelukkande til å sende deg nyhendebrev. Vi deler ikkje opplysningane dine med tredjepartar utan ditt samtykke, med mindre dette er rettsleg påkravd, eller nødvendig for å levere ei teneste eller vare du har kjøpt eller bedt om.

Handlekorg
Lukk
Handlekorga er tom.
-+
Tittel
Tal
Pris

Totalt: NOK

MVA utgjer NOK

Fri frakt i Noreg

Send inn manus
Lukk
Kjøpsvilkår
Lukk
Foreign rights
Lukk