Send inn manus

Vi er alltid nysgjerrige på nye idear og manus.

Send manuset som worddokument til manus@skald.no.

Generelt vurderer vi tekstar både på nynorsk og bokmål med unnatak av barnebøker som berre vert vurderte og utgitte på nynorsk.

Vi gjer merksam på at papirmanus, utskrifter, dummies o.l. berre vert returnerte viss det er lagt ved frankert returkonvolutt.

Legg gjerne ved eit følgjebrev med nokre opplysningar om deg sjølv og bakgrunnen til prosjektet. Hugs også telefonnummer og e-postadresse. Dersom du sender manuskript til fleire forlag samtidig, vil vi helst ha beskjed om det.

Vurderingstida på manuskript er normalt seks til åtte veker. I periodar med stort arbeidspress og/eller ferieavvikling kan det ta litt lengre tid. Vi er ein liten redaksjon og får til tider mange manus. Vi prøver å vurdere det meste innan rimeleg tid, men ber om forståing om det i nokre tilfelle kan ta lengre tid. Når redaksjonen er ferdig med vurderinga, vil du få ei skriftleg tilbakemelding på e-post.

Handlekorg
Lukk
Handlekorga er tom.
-+
Tittel
Tal
Pris

Totalt: NOK

MVA utgjer NOK

Fri frakt i Noreg

Send inn manus
Lukk
Kjøpsvilkår
Lukk
Foreign rights
Lukk