Vilkår for abonnementsordninga

Det vert gitt ut om lag tre titlar i året som regel ein til påske, ein til sommarferien og ein til jul. Som medlem i Nynorske klassikarar får du alle bøkene i serien til medlemsrabatt, alltid og uansett tal. Vi har også eigne pakketilbod til abonnentar.

Dette får du som abonnent:

  • Du er den første som får vite om dei nye bøkene i serien.
  • Vi sender deg boka så snart ho kjem på lager.
  • Du får maksrabatt 12,5% på alle bøkene.
  • Du får boka fraktfritt i postkassa.

Korleis fungerer det?
Så snart ei bok er sendt til trykk, sender vi ut ein e-post om den nye boka i serien.

Vil du ha boka, treng du ikkje å gjere nokon ting, og du vil få boka i postkassen som ein av dei aller første i landet. Betalingsgiro vert sendt på e-post og kopi lagt ved i pakka.

Ønskjer du ikkje boka, avbestiller du innan 14 dagar. Du vil framleis vera abonnent og få tilbod om neste bok.

Dersom du ikkje ønskjer å vere abonnent lenger, skriv du det i svaret til oss. Du kan også avbestille abonnementet på Nynorske klassikarar ved å sende e-post til klassikar@skald.no.

Korleis blir eg abonnent?
Du blir abonnent ved sende e-post til klassikar@skald.no.

Levering
Bøkene vert sende ut frå vårt lager hos Sentraldistribusjon AS så snart dei kjem på lager. Du får ein sms/e-post når boka er levert. Dersom du bur meir enn 250 meter frå postkassen kan det vere at pakken hamnar på ein utleveringsstad. I dette tilfelle vil du få melding om dette.

Betaling
Betalinga går via Skald AS. Vi sender deg ein elektronisk faktura rundt utsendingstidspunktet. Fakturaen vert utelukkande sendt ut elektronisk, og ikkje som vedlegg i pakken.

Feil ved leveransen
Ved feil eller manglar i leveransen, ta kontakt med oss på klassikar@skald.no. Legg gjerne ved eit bilete av ev. skade.

Handlekorg
Lukk
Handlekorga er tom.
-+
Tittel
Tal
Pris

Totalt: NOK

MVA utgjer NOK

Fri frakt i Noreg

Send inn manus
Lukk
Kjøpsvilkår
Lukk
Foreign rights
Lukk