Noko er i gjære. Den norske sideren vinn gullmedaljar i internasjonale kåringar og blir servert på verdas beste restaurantar. Det veks fram norske siderregionar i både Hardanger, Sogn og Telemark – kvar med sin særeigne stil. Siderprodusentane har mangedobla seg dei siste tiåra – og talet held fram med å auke. For berre 20 år sidan fanst ikkje norsk sider på Vinmonopolet, og det ville aldri falle ein vinkelner på ein respektabel restaurant inn å servere det til gjestar. Kva ligg bak den plutselege suksessen?

Å lage fruktvin og sider er ein gamal tradisjon med djupe røter i Noreg. For første gang blir forteljinga om den kommersielle, norske siderproduksjonen samla i ei bok. Vi kjem tett på fruktbøndene, eldsjelene og gründerane som alle spelar ei viktig rolle i det norske sidereventyret. Lesarane får òg eit innblikk i dei forskjellige sidertypane, korleis siderproduksjon fungerer og tips til korleis ein serverer sider til mat.

Dette er òg forteljinga om unge bønder som satsar, om fantastiske råvarer og om eit tradisjonsprodukt som vi nesten hadde gløymt at vi hadde.

2022
Nynorsk/bokmål
20,0 x 25,0 cm
256 sider
Trådinnbunden i kvartbind i tekstil, offset-trykk, foliepreg.
Klimanøytral bokproduksjon

Formgjeving: Øystein Vidnes

ISBN 9788279593485

Handlekorg
Lukk
Handlekorga er tom.
-+
Tittel
Tal
Pris

Totalt: NOK

MVA utgjer NOK

Fri frakt i Noreg

Send inn manus
Lukk
Kjøpsvilkår
Lukk
Foreign rights
Lukk