Marcel Prousts (1871–1922) forfattarskap er eit nav i den moderne verdslitteraturen. Hans gigantiske roman «På sporet av den tapte tid», som kom ut i 15 bind frå 1913 til 1927, har blitt eit uomgjengeleg referansepunkt for boklesande over heile verda.

Proust var fødd i ein velståande borgarleg familie i Paris, og helsa hans gjorde at han fekk ein avsondra oppvekst med lange ferieopphald og ein ufullført skulegang. I unge år var Proust kjent som ein dilettant og oppkomling, ein gjengangar i dei snobbete salongane til det øvre borgarskapet, noko som seinare gav han eit rikt materiale til den store romanen. Manuset til det første bindet av «På sporet av den tapte tid» blei refusert av fleire forlag, før forfattaren enda med å betale for utgjevinga sjølv.

Han engasjerte seg i utgjevinga av litterære magasin, der han sjølv bidrog med ulike slags tekstar. Frå 1905, etter at begge foreldra hadde døydd av sjukdom, levde Proust eit isolert liv, med sviktande helse, men mykje tid til å utvikle seg som forfattar.

Handlekorg
Lukk
Handlekorga er tom.
-+
Tittel
Tal
Pris

Totalt: NOK

MVA utgjer NOK

Fri frakt i Noreg

Send inn manus
Lukk
Kjøpsvilkår
Lukk
Foreign rights
Lukk