Kvifor gløymde du ikkje hjartet ditt også, det ville eg ikkje ha late deg ta tilbake.

Forfattarskapen til franske Marcel Proust (1871–1922) er eit nav i den moderne verdslitteraturen. Hans gigantiske roman På sporet av den tapte tid, som kom ut i 15 bind frå 1913 til 1927, har blitt eit uomgjengeleg referansepunkt for boklesande over heile verda. Augneblinken då hovudpersonen dyppar ein madeleine-kake i teen og blir utsett for det ein kallar eit ufrivillig minne, har i seg sjølv blitt eit ikonisk moment i moderne idéhistorie.

Swanns kjærleik utgjer ein lang digresjon i det store romanverket, men forteljinga står samstundes på eigne bein. Ho er ei av dei mest kjende kjærleikshistoriene i verdslitteraturen, og er ein fin inngang i den store forfattarskapen.

Den intense historia om korleis levemannen Swann steg for steg forvillar seg inn i ei kjærleiksaffære, har alt som følgjer med av lengsel, uro, svartsjuke, sjølvplaging og den underliggande undringa på om det verkeleg går an å kjenne og å elske eit anna menneske.

SKALDs klassikarar er ein serie av vellagra, handplukka verk i ny, frisk og nynorsk språkdrakt som skal gi leseglede til folket.

Visste du at du også kan abonnere på Nynorske klassikarar?
Les meir om bokklubben her.

2023
Nynorsk
12,0 x 18,0 cm
310 sider
Innbunden med svart tråd, fleksibind med klaffar i tekstil, kvit silketrykk.

Formgjeving: Øystein Vidnes, Andreas Töpfer, Stefan Ellmer
Illustrasjon: Andreas Töpfer
Omsetjing: Margunn Vikingstad

ISBN 9788279593652

Sagt om boka:

«Å overføre Marcel Proust til ein norsk som flyter er ei bragd. […] Eg koste meg med Swanns kjærleik. Eg syns at Margunn Vikingstad har gjort ein solid jobb med å få dette til å flyte av garde på nynorsk. […] Det er ein fin introduksjon til Proust. […] Alle dykk som tenkjer «å, Proust, ja, det skal eg gjere ein gong», no har dykk sjansen. Swanns kjærleik er ute ein også estetisk veldig vellukka versjon. Spring til biblioteket, spring til bokhandelen!»

«Nok ein gong eit litterært høgdepunkt. […] Prosaen flyt fint og stille i ei omsetjing Margunn Vikingstad kan vera stolt over. »

«Kjærleik og galskap i vakker, fransk foreining […] Margunn Vikingstad lukkast med å overføre Proust si særeigne språklege flyt til eit naturleg og moderne nynorsk, og blåser nytt, vitalt liv i ein av dei mest tonegjevande romanane i europeisk litteratur. […] Om du nøler med å ta fatt på «På sporet av den tapte tid», er Swanns kjærleik eit godt utgangspunkt.»

«Margunn Vikingstad lukkast langt på veg med å gje Proust ei frisk og moderne nynorsk språkdrakt. […] Omsetjinga manøvrerer også grasiøst i alle dei franske relativsetningane som ikkje kan omsetjast ord for ord til nynorsk.»

Handlekorg
Lukk
Handlekorga er tom.
-+
Tittel
Tal
Pris

Totalt: NOK

MVA utgjer NOK

Fri frakt i Noreg

Send inn manus
Lukk
Kjøpsvilkår
Lukk
Foreign rights
Lukk