Bøkene i klassikarserien er godt innbundne,
vakre og lette å ta med seg. Skulle du likevel har
bruk for ein e-bokversjon, kan du få tak i den i dei
fleste e-bokformata:

Ebok.no

Ibooks

Kindle

Google books

Lev Tolstoj er ein bauta i russisk litteratur, og forfattaren har dessutan påverka moderne litteratur verda over. Anton Tsjekhov, James Joyce, Virginia Woolf, Marcel Proust, William Faulkner – alle desse hylla han som ein av dei fremste forfattarane gjennom tidene.

Då Ivan Iljitsj døydde (1886) er ei lita perle av ei bok, som ofte har drukna i merksemda rundt dei store romanane Tolstoj er kjend for. Men denne langnovella er noko av det mest personlege han skreiv. Den nådelause skildringa av det uekte, overflatiske livet som Ivan Iljitsj har levd, verkar moderne – nesten samtidig. Utan høflege omsyn til lesaren, viser Tolstoj fram sjukdommen og døden i all si gru. Korleis leve eit meiningsfullt liv med den meiningslause døden som det einaste heilt sikre? Spørsmålet er like essensielt snart halvtanna hundreår seinare.

Skalds klassikarar er ein serie av vellagra, handplukka verk i ny, frisk og nynorsk språkdrakt som skal gi leseglede til folket.

Visste du at du også kan abonnere på Nynorske klassikarar?
Les meir om bokklubben her.


Formgjeving: Øystein Vidnes
Omsetjing: Geir Pollen

ISBN 9788279593645

Handlekorg
Lukk
Handlekorga er tom.
-+
Tittel
Tal
Pris

Totalt: NOK

MVA utgjer NOK

Fri frakt i Noreg

Send inn manus
Lukk
Kjøpsvilkår
Lukk
Foreign rights
Lukk