Georg Büchner (1813–1837) blir, trass i sitt korte liv og ein avgrensa produksjon, rekna som ein av dei mest viktigaste forløparane for den moderne europeiske litteraturen. Den mest renommerte bokprisen i Tyskland er oppkalla etter han. I Norge er Büchner mest kjend for skodespelet Woyzeck.

Den unge Büchner var opposisjonell i Vormärz – åra før den mislykka marsrevolusjonen i 1848 – ein periode som var prega av sterk sensur. Han var medstiftar av ei foreining for menneskerettar, blei etterlyst og måtte flykte frå heimlandet. Han levde nokre år i Strasbourg og tilbrakte dei siste månadane av sitt liv i Zürich. Büchner døydde etter kort tids sjukdom, berre 23 år ung.

Handlekorg
Lukk
Handlekorga er tom.
-+
Tittel
Tal
Pris

Totalt: NOK

MVA utgjer NOK

Fri frakt i Noreg

Send inn manus
Lukk
Kjøpsvilkår
Lukk
Foreign rights
Lukk