Eg gidd ikkje eingong å ta livet av meg, det er så keisamt.

Georg Büchner skreiv forteljinga Lenz to år før han døydde, men ho blei først gitt ut posthumt i 1839. Teksten er basert på dagbøkene til presten Johann Friedrich Oberlin frå vinteren 1778. Då hadde forfattaren Jakob Michael Reinhold Lenz søkt tilflukt hos han, forvirra og på veg inn i galskapen. Büchner kjende seg igjen i Lenz og skreiv ei skildring som både i form og innhald staka ut ein ny veg for litteraturen: innover i menneskesinnet, utan blikk for konvensjonar og moralske fordommar.

Hovudsaka for Büchner var innleving i andre menneske, og gjerne dei som fall utanfor samfunnet. Hovudpersonen i Lenz kjenner seg trengt opp i eit hjørne, og galskapen blir den yttarste konsekvensen av det mislykka og umoglege opprøret mot samtidas konvensjonar. Lenz er såleis rekna som ein av dei første tekstane i den moderne litteraturen.

SKALDs klassikarar er ein serie av vellagra, handplukka verk i ny, frisk og nynorsk språkdrakt som skal gi leseglede til folket.

Visste du at du også kan abonnere på Nynorske klassikarar?
Les meir om bokklubben her.

2018
Nynorsk
12,0 x 18,0 cm
48 sider
Innbunden med svart tråd, fleksibind med klaffar i tekstil, silketrykk, offsettrykk.

Formgjeving: Øystein Vidnes, Andreas Töpfer, Stefan Ellmer
Illustrasjon: Andreas Töpfer
Omsetjing: Jon Fosse

ISBN 9788279592853

Sagt om boka:

«Romanen er fascinerende av mange grunner, aller mest fordi den er så tidlig ute med å beskrive forvirrede, unge menn på en måte som minner om Hamsuns banebrytende roman Sult. […] Fosse bruker et klassisk nynorsk skriftspråk som kler romanen fra tidlig atten­ hundretall svært godt. Ikke minst er Fosse lydhør for de mange brå skiftene i roma­ nens stil, språk og tone.»

«Büchners Lenz er prototypen for det som skal bli den moderne litteraturens fremste skikkelse: det rast- og hjemløse mennesket, utlevert til sitt sinns sprang og skiftninger. En slags bestefar for Hamsuns Sult-helt, kunne man si.»

«Lenz søker vekk fra det kompliserte; tviholder på naturen i håp om at det vanskelige skal deles opp til noe enklere. Slik kan Lenz sies å være høyaktuell også for det moderne mennesket. […] Omsatt til konservativ, men behagelig nynorsk av Jon Fosse, med et språk som flyter særlig godt i de mange naturskildringene, er Lenz en vakker, men voldsom bok om fremmedgjøring og utenforskap – og en uungåelig galskap.»

« Kvelden eg las denne, kjende eg meg akseptert sjølv om kjenslene kan vere forbodne. Og eg vart glad for det forbodne og – det at menneske ønskjer at vi som har sånne tankar om å ta livet av oss, ikkje skal det. Vi høyrer til i livet, vi òg.»

Handlekorg
Lukk
Handlekorga er tom.
-+
Tittel
Tal
Pris

Totalt: NOK

MVA utgjer NOK

Fri frakt i Noreg

Send inn manus
Lukk
Kjøpsvilkår
Lukk
Foreign rights
Lukk