Franz Kafka (1883–1924) vert sett på som ein av dei mest vesentlege forfattarane på 1900-talet, og verka hans er ein uomgjengeleg del verdslitteraturen sin kanon. I levetida var den tyskspråklege, jødiske forfattaren lite kjend utanfor heimbyen Praha, men frå seint på 1920-talet ytte verka hans stor påverknad på mange forfattarar og heile det 20. hundreåret si sjølvforståing. I perioden 1933 til 1945 var Kafka ein av forfattarane som var forbodne under Hitler-regimet, og bøkene hans vart brende under dei mange offentlege bokbåla på denne tida. I dag er Kafka den mest lesne tyskspråklege forfattaren i verda.

Franz Kafkas langnovelle Forvandlinga (1915) vert sett på som eit av dei mest nyskapande skjønnlitterære verk i det 20. århundre og har blitt dramatisert, filmatisert, omarbeidd, sitert frå og referert til. Ho er den lengste ferdigskrivne forteljinga Kafka har gitt ut i si levetid.

Handlekorg
Lukk
Handlekorga er tom.
-+
Tittel
Tal
Pris

Totalt: NOK

MVA utgjer NOK

Fri frakt i Noreg

Send inn manus
Lukk
Kjøpsvilkår
Lukk
Foreign rights
Lukk