Bolette C. Pavels Larsen (1847–1904) var ei av få aktive litterære kvinner i si samtid. Ho var både kritikar, forfattar, omsetjar, opplesar, feminist og målkvinne. Som omsetjar introduserte ho sentral, nordisk litteratur for det norske folket, og som uredd og skarp hovudkritikar i Bergens Tidende gjennom 25 år vart ho ein av Nordens mest kjende og respekterte litteraturkritikarar.

Bolette utveksla hundrevis av brev med forfattarar som Arne og Hulda Garborg, August Strindberg, Georg Brandes, Amalie Skram – og ikkje minst hennar beste ven og største beundrar, Knut Hamsun. Gjennom den nære og personlege korrespondansen kjem vi tett på pionerane for den moderne nordiske litteraturen og får eit unikt innblikk i den spennande litteraturhistoriske perioden som Bolette C. Pavels Larsen var ein sentral del av.

2023
Nynorsk
14,0 x 19,0
272 sider
Trådinnbunden og heiltrukken i tekstil med silketrykk, offset-trykk.

Formgjeving: Øystein Vidnes

ISBN 9788279593584

Handlekorg
Lukk
Handlekorga er tom.
-+
Tittel
Tal
Pris

Totalt: NOK

MVA utgjer NOK

Fri frakt i Noreg

Send inn manus
Lukk
Kjøpsvilkår
Lukk
Foreign rights
Lukk