Rolf Sagen (1940–2017) har gitt ut meir enn 30 bøker i mange sjangrar sidan han debuterte med diktsamlinga Dørklinker i 1966, som han fekk Tarjei Vesaas debutantpris for. Sagen blei fødd i Vadheim i Høyanger kommune, og voks opp i Sykkylven på Sunnmøre.

Sagen markerte seg som ein sentral norsk forfattar på i 1970-åra, og var tidleg ute med å eksperimentere med dokumentarstoff, t.d. i collagen Kvengedal (1970). Romanen Mørkets gjerninger, som fekk Kritikarprisen i 1976, blei eit gjennombrot for Sagen og vart seinare grunnlaget for fjernsynsteateret Skal det vere ein dans? (1986). Kultromanen Springfart ved fjorden (1986) og den sterkt kritikarroste Lyden av vatn (1990) er blant hans mest kjende verk.

Rolf Sagen grunnla Skrivekunstakademiet i Hordaland i 1985, og verka som lærar og dagleg leiar der fram til han pensjonerte seg hausten 2007.

Boka MS Liv, formgitt av Øystein Vidnes vann i 2015 gull i kåringa Årets vakreste bøker.

Handlekorg
Lukk
Handlekorga er tom.
-+
Tittel
Tal
Pris

Totalt: NOK

MVA utgjer NOK

Fri frakt i Noreg

Send inn manus
Lukk
Kjøpsvilkår
Lukk
Foreign rights
Lukk