Forfattaren Rolf Sagen kjøper ein båt på Nordvestlandet, og i lag med den tidlegare sjømannen Artur legg han ut på ei ferd til Oslo, gjennom kjende og ukjende landskap, til eit nytt liv i hovudstaden.

Meir enn nokon annan forfattar har Rolf Sagen klart å skildre det norske Vestlandet, ved hjelp av eit observerande blikk og ein vill fantasi. I den lyriske romanen MS Liv, basert på ei loggbok frå sommaren 1970, møter den aldrande forfattaren seg sjølv i ung utgåve. Vi blir kjend med den unge Sagens poetiske og lakoniske måte å sjå verda på, og er med på oppdagingsreisa hans i eit landskap han seinare skal vere med på å forme. I skildringa hans verkar landskapet nytt – får liv, farge, ein faretruande undertone, og nokre gonger er det som om det går hòl på boksidene og vatnet strøymer ut.

2014
Nynorsk
12,0 x 18,0 cm
80 sider
Innbunden med open rygg og gjennomfarga smussomslag med silketrykk.

Formgjeving: Øystein Vidnes

ISBN 9788279592099

Sagt om boka:

«Upretensiøs og enkel, men stilfull produksjon. Forsatslimet brunpapir og sydd åpen rygg gir et ydmykt uttrykk som kan speile historien som fortelles. Enkle, fine illustrasjoner. Materialer og blåfargen formidler det maritime i bokens innhold.»

«Boka åpner for å kjenne tida rulle i bølgeskvulpene (...) Med knapp og kontant stil og nøktern sakprosa takler Sagen sitt maritime motiv lekende lett.»

«Eit lite meisterverk.»

«En liten loggbok blir til stor litteratur.»

«Det er rett og slett ei glede å lese.»

«Rolf Sagen har skrive ein upretensiøs protokollpoesi med djup undertekst.»

«"MS Liv" er rett og slett ei stor lita perle.»

«Setningane i loggen flettar seg i hop til eit romanverk som syner stordomen i det vesle, forstørrar verda, men like lett finn det att i ein eksotisk frukt.»

Handlekorg
Lukk
Handlekorga er tom.
-+
Tittel
Tal
Pris

Totalt: NOK

MVA utgjer NOK

Fri frakt i Noreg

Send inn manus
Lukk
Kjøpsvilkår
Lukk
Foreign rights
Lukk