Musikar Karl Seglem har arbeidd med lydunivers i over 25 år. Lyttande, leikande og søkjande i musikalske landskap, har han funne sin eigen klang. I hans nye diktsamling Kvit frekvens, stille spor tek han temaet med seg inn i poesien.

I boka blir lesaren utfordra til å lytte til lydane som ligg i sjølve diktet, og samspelet mellom ord og lyd. Boka er delt i to. Den første delen tek utgangspunkt i det menneskeskapte, mekaniske og urbane, medan del to er nært knytt til naturen, årstidene og minne. Omslaget og dei to delane vert opna med teikningar av Andreas Töpfer, kjent som husteiknar for kulturtidsskriftet Vagant. I illustrasjonane knytt han det naturlege og det urbane saman på ein kunstnarisk måte. Töpfer står også bak designen og materialvalet for boka.

Dette er lydenes poesi.

2013
Nynorsk
13,0 x 20,5 cm
64 sider
Innbunden med foliepreg.

ISBN 9788279591931

Sagt om boka:

«Alt er gjennomført vakkert i denne boken.»

«Boka er full av lyd og lys og synsinntrykk. Det må vere ein musikar som klarar å synge oss gjennom avsnitta på denne måten.»

«Ein effektiv bruk av kontrastar pregar alt frå Andreas Töpfers nydelege design til motiv- og ordval.»

«Det er slike dikt som du må sette deg ned ei stille stund og filosofere over og la lydane og musikken fylle deg – og så danse rundt ei stund, og så forstår du kanskje litt etter litt kva han meinar.»

«Modig, nyskapande dikter.»

«Karl Seglem skildrar lydane med kjærleg distanse.»

Handlekorg
Lukk
Handlekorga er tom.
-+
Tittel
Tal
Pris

Totalt: NOK

MVA utgjer NOK

Fri frakt i Noreg

Send inn manus
Lukk
Kjøpsvilkår
Lukk
Foreign rights
Lukk