Jenta til Angelika Klüssendorf er ei heltinne for vår tid, skreiv tyske DIE ZEIT om hovudpersonen i Jenta (SKALD 2013).

I Klüssendorfs nye roman April følgjer forfattaren den no såvidt vaksne jenta vidare på si reise for å finne sin identitet i eit splitta Berlin på 1980-talet. Direkte, rått og samstundes finstemt skildrar Klüssendorf erfaringa av å vere ung og med opprørstrong i ein innestengande og autoritær stat. Når ei lita luke i jernteppet så opnar seg, vert hovudpersonen kasta ut i ei anna verd, i Vest-Berlin.

Jenta, som no kallar seg April, prøver å finne sin plass som ung vaksen i eit samfunn der tryggleik og undertrykking går hand i hand. Som vanskeleg stilt får ho tildelt ein stad å bu og ein jobb og gå til. Menn som kastar seg i armane hennar kan vaksenlivet også by på. Men kva om ho ønskjer seg noko anna enn det som blir bydd fram? Ho blir ein del av eit stille opprør, og ideen blir planta om å bryte seg fri og dra til den andre sida. Men er det så annleis der?

April har blitt omtalt som eit nytt meisterverk. Lesaren får eit usminka bilete av korleis det var å vera ung og annleis i Aust- og Vest-Tyskland før murens fall, og Klüssendorfs direkte skildring gjer det relevant og tankevekkjande også for norske lesarar, både dei som er unge og dei som hugsar at dei var det.

Boka kan lesast som ein oppfølgjar til den kritikarroste romanen Jenta (SKALD 2013), om ei namnlaus jente sin oppvekst i DDR og i ein valdeleg familie i oppløysing, men April kan også lesast som ein sjølvstendig roman.

Angelika Klüssendorf er ei sterk og annleis stemme i tysk samtidslitteratur. Ho har motteke ei rekkje utmerkingar og prisar og har vore nominert til den gjevne Deutscher Buchpreis med både Jenta og April.

2015
Nynorsk
12,5 x 19,0
224 sider
Innbunden med smussomslag, lakk.

Omsetjing: Øystein Vidnes

ISBN 9788279592204

Sagt om boka:

«Framstillinga av den unge vaksne April er rått, men samtidig finstemt og samansett. […] Vil du lesa ei rystande god bok? Eg vel meg April. »

«April er ei sterkt personleg og skakande skildring frå ei nær fortid. […] Omsetjinga til Vidnes er utan plett og lyte.»

«Det er rått, det er vakkert og det er oversatt til et nynorsk som er så levende og så sanselig at man skulle tro at forfatteren var fra Leikanger og ikke fra Leipzig.»

«Sterk som en bjørkepinne. […] Uten tvil den beste romanen som kommer fra Tyskland i år, og jeg lurer på om det kanskje også er den beste romanen som kommer på nynorsk i år. […] Klüssendorf klarer som en av få å beskrive DDR-samfunnet sånn som det faktisk var.»

«Full av liv og samstundes trist, nøktern og klar, usentimental og nøyaktig, og lakonisk: eit meisterverk.»

«Kunsten til denne forfattaren er at ho klarar å unngå å vera kunstig. […] Suget i denne prosaen er enormt.»

«Boka er skrive på ein usentimental og nøktern måte og virkar likevel berusande, levande, kalla tilbake den forsvunne verda frå 70- og 80-talet og smakar aktuell. Dette er den store kunsten til Angelika Klüssendorf.»

Handlekorg
Lukk
Handlekorga er tom.
-+
Tittel
Tal
Pris

Totalt: NOK

MVA utgjer NOK

Fri frakt i Noreg

Send inn manus
Lukk
Kjøpsvilkår
Lukk
Foreign rights
Lukk