Roberto Arlt (1900–1942) vaks opp i Buenos Aires i Argentina som barn av europeiske innvandrarar. Han hadde ein fattig og valdeleg oppvekst og blei utvist frå skulen då han var åtte år. I ungdommen gjekk han frå jobb til jobb før han blei journalist og arbeidde blant anna som bokhandelekspeditør, blikkenslagarlærling, målar, mekanikar, sveisar, disponent i ein mursteinsfabrikk og hamnearbeidar, før han etterkvart fekk ei journaliststilling i ei lokalavis. Arlt hadde stadig pengeproblem, men han var kreativ og ein aktiv oppfinnar. Han registrerte mellom anna ein patent på eit gummimateriale som skulle gi riftfrie strømpebukser. Frå 1926 til han døydde gav han ut ei rekkje bøker: fire romanar, to novellesamlingar, to samlingar med avisspalter og ti skodespel, og i tillegg har det kome fleire posthume utgjevingar.

Samtida hadde ikkje sans for verka hans, og Arlt døydde som ein nesten ukjend forfattar. Han blir i dag sett på som ein forløpar for den magiske realismen og bløminga av den latinamerikanske litteraturen. Julio Cortázar, Gabriel García Márquez, Mario Vargas Llosa og Roberto Bolaño har alle trekt fram Arlt som ei viktig inspirasjonskjelde.

Handlekorg
Lukk
Handlekorga er tom.
-+
Tittel
Tal
Pris

Totalt: NOK

MVA utgjer NOK

Fri frakt i Noreg

Send inn manus
Lukk
Kjøpsvilkår
Lukk
Foreign rights
Lukk