Annemarie Schwarzenbach (1908–1942) var del av ein ung, fritenkande generasjon kunstnarar i mellomkrigstidas Europa. Sveitsaren var blant dei første forfattarane som våga å skrive skeiv litteratur og fekk svært god mottaking i si tid.

Som dotter til tekstilmagnaten Alfred Schwarzenbach og Renée Schwarzenbach-Wille, dotter til øvstkommanderande i det sveitsiske militæret, vaks ho opp i ein av dei rikaste familiane i Sveits i samtida.

Ho var open homofil, eit levemenneske og ein uredd provokatør. Då ho var 23 år, flytta ho til Berlin og levde ei stund i eit ope forhold med Erika Mann og var ein nær venn av Klaus Mann, begge barn til Thomas Mann. Same året debuterte ho som forfattar med romanen Vener av Bernhard.

Seinare reiste Schwarzenbach rundt som korrespondent og fotograf i Europa, Russland, Persia, Afrika og Asia. I Teheran inngjekk ho eit symbolsk ekteskap med ein fransk diplomat som også var homofil. Kjærleiksaffæren hennar med dottera til den tyrkiske ambassadøren i Teheran provoserte og skapte skandale. Då krigen braut ut i Europa, flytte ho til New York.

Annemarie Schwarzenbach levde eit omflakkande liv, men sleit meir og meir psykisk og var avhengig av morfin. 1942 vart ho hardt skada i ei sykkelulykke i heimstrøka i Sveits. Ho døydde etter eit par månadar i behandling og enda eit forsøk på å kurere psyken hennar med dåtidas metodar.

Etter hennar død la familien, som sympatiserte med nasjonalsosialistane, lok på forfattarskapen hennar, og store delar av verket hennar vart destruert. Først i 1980-åra, etter at nevøen Alexis Schwarzenbach oppdaga ho på nytt, gjenoppstod Annemarie Schwarzenbach med ikonisk kraft.

I dag blir ho lovprisa som ein uredd feminist og ein tidleg frontfigur for kampen for eit fritt liv på tvers av normer for kjønn og seksualitet.

Handlekorg
Lukk
Handlekorga er tom.
-+
Tittel
Tal
Pris

Totalt: NOK

MVA utgjer NOK

Fri frakt i Noreg

Send inn manus
Lukk
Kjøpsvilkår
Lukk
Foreign rights
Lukk