Kor ofte har eg lege under regn på eit framandt tak og tenkt på heime.

Framom døden skildrar ei dødsreise. Vi møter familien Bundren medan mor Addie ligg for døden, og følgjer dei gjennom eld og vatn på den lange ferda for å jordfeste liket. Først etter ti pinefulle dagar får dei endeleg lagt henne til kvile. I møte med bibelske prøvingar trer personane fram med alle sine lyter og egosentriske motiv.

Forteljinga ovrar seg gjennom eit vell av ulike stemmer, og vi kjem tett på det grunnleggjande menneskelege. Faulkner plukkar frå kvarandre den tilsynelatande velordna verda i dei nordamerikanske sørstatane og syner fram uhyggelege skuggesider.

Faulkner skreiv romanen i løpet av nokre få veker i byrjinga av 1930-åra. Då var forfattaren inne i ein svært skapande periode, der han med hell freista nye stilleie og nye vegar innan modernismen. Bøkene er prega av medvitsstraum hos karakterane (stream of consciousness), skiftande perspektiv og sterk stilistisk eksperimenteringsvilje.

Framom døden er blant dei best kjende verka til Faulkner og er eitt av dei viktigaste verka i det tjuande hundreåret.

SKALDs klassikarar er ein serie av vellagra, handplukka verk i ny, frisk og nynorsk språkdrakt som skal gi leseglede til folket.

Visste du at du også kan abonnere på Nynorske klassikarar?
Les meir om bokklubben her.

2021
Nynorsk
12,0 x 18,0 cm
260 sider
Innbunden med svart tråd, fleksibind med klaffar i tekstil, svart silketrykk.

Formgjeving: Stefan Ellmer
Illustrasjon: Andreas Töpfer
Omsetjing: Sivert N. Nesbø

ISBN 9788279593331

Sagt om boka:

«Sivert N. Nesbø har på framifrå vis gjengitt de ulike fortellernes temperament, tankeverden og språklige særtrekk. Språket er mørkt og sugende, nyanserikt og smidig. »

«Romanen er medrivande grufull og morosam. […] Skildringane er så taktile og handgripelege, sjølv når dei sporar ut i det metafysiske eller
uforståelege.
»

«Sivert N. Nesbø har omsett romanen til framifrå nynorsk. Ordtilfanget er rikare enn i dei fleste samtidsromanar i dag, og språket gir både valør til dei ulike forteljarstemmene og kontinuitet til forteljinga.»

«Det er på ein måte mellom orda hendingane ovrar seg. Likevel er det språket som gjer denne dødsreisa mest skakande, ikkje minst i den glitrande omsetjinga av Sivert N. Nesbø. Det rike vokabularet hans får fram dei finaste nyansane i teksten og lyfter hendingane opp til det tidslause. »

Handlekorg
Lukk
Handlekorga er tom.
-+
Tittel
Tal
Pris

Totalt: NOK

MVA utgjer NOK

Fri frakt i Noreg

Send inn manus
Lukk
Kjøpsvilkår
Lukk
Foreign rights
Lukk