Sunnmørsalpane er ei skattekiste for turgåarar og fjellfolk. Frå toppen av ein av dei mange tindane kan du skode utover eit alpe- og fjordlandskap du kanskje ikkje finn nokon annan stad i verda. Mange av toppane er velkjende, men det er framleis mange fjell som har vore kvite flekkar på turkartet fram til no.

Bli med den lokale og fjellrøynde Pål-Are Vadstein på mindre opptrakka stiar. Boka er ein døropnar inn til dei ukjende delane av Sunnmørsalpane, der det kryr av tindar, horn, egger, niper og setrar som få kjenner til. Setrane utgjer ein viktig del av kulturlandskapet og eit turmål kan like gjerne vere ei seter som ein fjelltopp. I boka syner Vadstein fram dei setrane folk flest ikkje har høyrt om og som framleis står fram i si naturlege og opphavelege form.

Boka inneheld 116 fotturar, inkludert 15 setrar, i Ørsta, Volda, Sykkylven og Stranda. Rutene er rikt illustrerte og graderte etter vanskegrad. Turane passar både for erfarne fjellfolk som vil ha inspirasjon til nye ruter, og familiar som er ute etter enklare søndagsturar. Kanskje er det ein spektakulær tur rett utanfor døra di som du ikkje har visst om? Boka er gjennomillustrert med lokkande foto og informative kart, og inneheld òg gode tips til ein vellukka fjelltur, utstyrsliste og utvalde forteljingar og segn frå området.

2022
2. opplag
Nynorsk
13,5 x 21,0 cm
384 sider
Trådhefta fleksibind.
Klimanøytral bokproduksjon

Formgjeving: Øystein Vidnes

ISBN 9788279593348

Sagt om boka:

«Ekstra imponerende at alle de flotte bildene er tatt av forfatteren selv.»

«Boka er ei skattekiste i seg sjølv – også for den som berre vil bla og lese.»

Handlekorg
Lukk
Handlekorga er tom.
-+
Tittel
Tal
Pris

Totalt: NOK

MVA utgjer NOK

Fri frakt i Noreg

Send inn manus
Lukk
Kjøpsvilkår
Lukk
Foreign rights
Lukk