Bøkene i klassikarserien er godt innbundne, vakre og lette å ta med seg. Skulle du likevel har bruk for ein e-bokversjon, kan du få tak i den i dei fleste e-bokformata:

Ebok.no

Ibooks

Kindle

Google books

Lausgjengar skildrar det turbulente livet til ei ung omstreifande kvinne i Japan på 1920-talet. Ho går frå jobb til jobb, alltid kortvarige, aldri godt betalte. Ho er alltid blakk, opplever vonbrot etter vonbrot, men gir aldri opp. Av lengten – etter mat, ein stad å bu, pengar og kjærleik – skaper forfattaren ein ny og djerv litteratur frå undersida av det japanske samfunnet.

Hayashis debutverk kan lesast som eit opprør mot den klassiske japanske dagboktradisjonen, der aristokratiske kvinner skreiv vakre dagbøker fylte av dikt om ulukkeleg kjærleik. Inspirert mellom anna av Knut Hamsuns Sult, skreiv Hayashi med utgangspunkt i sitt eige liv, rått, upolert og direkte, men òg med stor humor og poesi. Ho er ingen intellektuell forfattar, ingen sofistikert, høglitterær stilist, men skriv i eit språk som verkar tilforlateleg og folkeleg der ho kombinerer modernisme med munnleg forteljarstil.

Boka omhandlar perioden 1922–1930, altså frå forfattaren sjølv mellom 18 og 26 år. I desse åra lausreiv Hayashi seg frå foreldra og drog til Tokyo, der ho begynte å skrive samstundes som ho livnærte seg gjennom eit vell av ulike jobbar som hushjelp, serveringsdame, cellulosefabrikkarbeidar, ekspeditrise og jordmorassistent.

Då boka kom ut, vart ho straks ein suksess og er i dag eit av dei mest vesentlege verka i Japans litteraturkanon.

SKALDs klassikarar er ein serie av vellagra, handplukka verk i ny, frisk og nynorsk språkdrakt som skal gi leseglede til folket.

Visste du at du også kan abonnere på Nynorske klassikarar?
Les meir om bokklubben her.


Formgjeving: Stefan Ellmer, Andreas Töpfer, Øystein Vidnes
Omsetjing: Ika Kaminka

ISBN 9788279593294

Handlekorg
Lukk
Handlekorga er tom.
-+
Tittel
Tal
Pris

Totalt: NOK

MVA utgjer NOK

Fri frakt i Noreg

Send inn manus
Lukk
Kjøpsvilkår
Lukk
Foreign rights
Lukk