Å komme til eit framandt land er ikkje lett. Å lære eit nytt språk er heller ikkje lett. Og å bruke dette språket til å skrive det du går og tenkjer på, kan verke heilt umogeleg.

I løpet av 2015 møttes flyktningar frå land som Eritrea, Iran, Libanon, Somalia, Sudan og Syria på Førde bibliotek for å utveksla kulturopplevingar. Skriving på det nye språket var ein vesentleg del av prosjektet.

Under leiinga av forfattar Erna Osland har dei skrive si eiga bok. Tekstane er korte, og norsken er ny – og så blank og fin at den gir ekstra klare bilde av det å vere ny i dette landet.

Boka vert utgitt av Førde bibliotek med støtte frå Nasjonalbiblioteket.

2016
Nynorsk/bokmål
13,0 x 20,5 cm
48 sider
Innbunden i skinnimitat med raudt foliepreg.

Formgjeving: Øystein Vidnes

ISBN 9788279592457

Sagt om boka:

«Dette er ei lita bok, med eit stort
innhald. Ei bok som bør vere til
lærdom og inspirasjon for nye
landsmenn, og for instansar som
har med nye landsmenn å gjere.
Det er berre å setje i gang med
liknande prosjekt som det dei har
gjennomført med bravur i Sunnfjord,
over det ganske land.
»

Handlekorg
Lukk
Handlekorga er tom.
-+
Tittel
Tal
Pris

Totalt: NOK

MVA utgjer NOK

Fri frakt i Noreg

Send inn manus
Lukk
Kjøpsvilkår
Lukk
Foreign rights
Lukk