Dokumentarprosjektet Det fleirspråklege Noreg viser eit samtidsbilete av språkbruken i den norske kvardagen. Gjennom 30 portrett gir boka eit innblikk i det fleirkulturelle Noreg og viser at fleirspråklegheit i dag heller er regel enn unnatak.

Skribentar over heile landet har fanga inn livshistorier og refleksjonar rundt det å leve med fleire språk. Fotografen Oddleiv Apneseths unike og vake blikk gir liv til dei varierte historiene.

Den faglitterære teksten av språkforskar Øystein A. Vangsnes set dokumentarprosjektet i eit større perspektiv.

2013
Nynorsk, bokmål
24,0 x 24,0 cm
272 sider
Innbunden med smussomslag i plast i avgrensa praktutgåve.

Formgjeving: Aud Gloppen

ISBN 9788279591900

Sagt om boka:

«Ei flott gåve til oss alle […] som både gjev oss eit forvitneleg innsyn i det språklege mangfaldet som finst i Noreg, og med det også eit auka medvit om kva språk er, kor viktig det er for oss, og kor flott det er at språka vert tekne vare på.»

«Eit gjennomarbeidd prosjekt som kjem vel i hamn, og eit lite funn for alle som er det minste interessert i språk og kommunikasjon. At boka også må vere eit flott hjelpemiddel i integreringa av nye landsmenn, er ein velkomen ekstrabonus.»

«Det har blitt ei uvanleg flott og vektig bok å halda i handa og bla i, ei retteleg salong- og kaffibordsbok, forvitneleg å lesa, med fin typografi, layout og design.»

«Dette er en inviterende fagbok med god design og fotografier. En bok til å bli klok og rørt av.»

Handlekorg
Lukk
Handlekorga er tom.
-+
Tittel
Tal
Pris

Totalt: NOK

MVA utgjer NOK

Fri frakt i Noreg

Send inn manus
Lukk
Kjøpsvilkår
Lukk
Foreign rights
Lukk