Jane Austen (1775–1817) er ein av dei mest lesne forfattarane i engelsk litteratur opp gjennom tidene og eit av dei store kvinnenamna i moderne verdslitteratur.

Dei fire første romanane kom anonymt; då ho døydde blei namnet avslørt, men vekte lenge liten oppsikt. Dei siste hundre åra har Austen fått meir merksemd, og verka hennar har blitt omsett til mange språk og kjem stadig i nye film- og serieversjonar verda over.

Ho er rekna som ei særeiga forfattarstemme og ei formor for den realistiske romanen. Austen parodierte dei populære sentimentale og gotiske forteljingane i samtida, og skapte sin eigen ironiske og vittige stil. Samstundes gav romanane kritiske perspektiv på samfunnet, og latterleggjorde gjerne menneskelege veikskapar som overklassesnobberi, sneversyn og dumskap.

Handlekorg
Lukk
Handlekorga er tom.
-+
Tittel
Tal
Pris

Totalt: NOK

MVA utgjer NOK

Fri frakt i Noreg

Send inn manus
Lukk
Kjøpsvilkår
Lukk
Foreign rights
Lukk