Bøkene i klassikarserien er godt innbundne, vakre og lette å ta med seg. Skulle du likevel har bruk for ein e-bokversjon, kan du få tak i den i dei fleste e-bokformata:

Ebok.no

Ibooks

Kindle

Google books

«Madame Bovary, det er eg!» sa Gustave Flaubert om hovudkarakteren i verket som vert sett på som ein av dei viktigaste romanane skriven på fransk. Den tragiske kjærleikshistoria om bondejenta Emma som drøymer om eit lidenskapeleg og ekstravagant sosietetsliv, har blitt utalege gongar dramatisert, filmatisert og adaptert. Den første filmen vart laga så tidleg som i 1932, og verket var bl.a. kjelda til Heinrich Sutermeisters kjende opera ved same namn frå 1967.

Det er med god grunn at romanen vert sett på som ein av dei viktigaste skriven på fransk. Den er litterært sett svært presis og fortel ei historie som er fascinerande og underhaldane. I Madame Bovary – frå livet i provinsen har Flaubert klart å løfte ein banal historie opp til å famne noko større. Han skildra inngåande si eiga samtid, som han sjølv mislikte og opplevde som meiningslaus. Romanen kan tolkast som ein kritikk av den franske borgarskapen og grensene som småbysamfunnet la på kvinner midt på 1800-tallet.

Samstundes borar Flaubert djupt i menneskesinnet. _Madame Bovary_er historia om eit menneske på flukt frå verkelegheita, på jakt etter å gjere sin eigen eksistens vakrare, og som ikkje klarer å skilje mellom det viktige og det uvesentlege. Emma Bovary har gitt opphav til omgrepet bovarisme, ein tilstand der draum støtt møter verkelegheit.

Før boka kom ut i 1857 gjekk ho som føljetong i tidsskriftet Revue de Paris. Ho vart skulda for å vere usedeleg, og måtte gjennom ei rettssak før ho var tilleten utgitt som bok.

Dette er første gong at ein tekst av Gustave Flaubert blir gitt ut på nynorsk.

SKALDs klassikarar er ein serie av vellagra, handplukka verk i ny, frisk og nynorsk språkdrakt som skal gi leseglede til folket.

Visste du at du også kan abonnere på Nynorske klassikarar?
Les meir om bokklubben her.


Formgjeving: Øystein Vidnes
Omsetjing: Margunn Vikingstad

ISBN 9788279592730

Handlekorg
Lukk
Handlekorga er tom.
-+
Tittel
Tal
Pris

Totalt: NOK

MVA utgjer NOK

Fri frakt i Noreg

Send inn manus
Lukk
Kjøpsvilkår
Lukk
Foreign rights
Lukk