Andreas Töpfer (f.1971) er tysk grafisk designar og illustratør busett i Berlin. Han har bakgrunn i industri-, kunst- og kommunikasjonsdesign frå kunsthøskulen Burg Giebichenstein i Halle i Tyskland, og har studert ved Londoner Royal College of Art og kunsthøgskulen Berlin-Weißensee, der han var meisterelev i maleri.

Arbeida hans har fleire gongar blitt premierte under Schönsten Deutschen Bücher, 100 Besten Plakaten Deutschland Österreich Schweiz og Deutschen Fotobuchpreis. Han har også vunne Gull under Årets vakraste vøker. Dei grafiske verka hans har bl.a. vore utstilt i Berlin, London, Vancouver, Leipzig, Linz, Moskva, Tokushima, München, Frankfurt a. M. og Bregenz.

Han var ein av gründerane bak det prisvinnande, tyske forlaget Verlag kookbooks, etablert i 2005. Sidan 2010 har Töpfer vore fast illustratør og visuell essayist i kulturtidsskriftet Vagant.

Døme på arbeida hans er presenterte på

www.andreastoepfer.blogspot.com og www.salon.io/vektorbarock.

Handlekorg
Lukk
Handlekorga er tom.
-+
Tittel
Tal
Pris

Totalt: NOK

MVA utgjer NOK

Fri frakt i Noreg

Send inn manus
Lukk
Kjøpsvilkår
Lukk
Foreign rights
Lukk