Joaquim Maria Machado de Assis (1839–1908) står igjen som ein av dei viktigaste stemmene i latinamerikansk litteratur. Han vaks opp i eit fattig strøk i Rio de Janeiro i Brasil på midten av 1800-talet, som son av ein husmålar og ei vaskekone. Sjølvlærd arbeidde han som typograf og korrekturlesar før han byrja å skrive. Machado skapte eit litterært univers utan sidestykke i den portugisiskspråklege verda og blei Brasils fremste forfattar. Seinare var han med på å grunnleggje Det brasilianske akademiet – Brasils fremste institusjon for litteratur, og blei sidan den første svarte presidenten i akademiet.

Machado var svært produktiv, med ni romanar og over 200 noveller, i tillegg til poesi og ei stor mengd nyskapande journalistikk. Dei både lette og djuptborande tekstane hans har vunne ein sentral plass i verdslitteraturen, der Machado står som ein forløpar til storleikar som Franz Kafka og Jorge Luis Borges.

Frå utkanten av det brasilianske imperiet såg Machado med eit uvanleg klårt og ironisk blikk på makt, klasse og sjølvbedrag. Han skreiv om menneska slik dei verkeleg er – fulle av motseiingar, sjølvrettferd og lengt. Med lett hand blanda han realisme og absurditet, samfunnssatire og psykologisk djupn, og vart ein føregangsmann for modernismen lenge før ordet fanst.

Handlekorg
Lukk
Handlekorga er tom.
-+
Tittel
Tal
Pris

Totalt: NOK

MVA utgjer NOK

Fri frakt i Noreg

Send inn manus
Lukk
Kjøpsvilkår
Lukk
Foreign rights
Lukk