Bli abonnent på Nynorske klassikarar – den første og einaste abonnementsordninga for verdsklassikarar på nynorsk!
Skalds klassikarar er ein serie av vellagra, handplukka verk i ei ny, frisk og nynorsk språkdrakt som skal gi leseglede til folket. Det vert gitt ut 3 titlar i året til dei store lesehøgtidene: påske, sommarferien og jul.
Serien har blitt kåra til Årets vakreste bokserie 2017 av Grafill, og er eit smykke i hylla i tillegg som den gir stor leseglede! Fleire av titlane i serien har blitt nominerte til Kritikarprisen for beste omsetjing og Bastianprisen, og to av bøkene har fått tildelt Kritikarprisen.
Dette får du som abonnent:
Du får e-post om den nyaste klassikaren så snart den er sendt i trykken.
Du får gratis frakt.
Du får 12,5% på alle bøkene, utgitt i 2023 eller tidlegare (nytt frå 2024, sidan Boklova trer i kraft og vi ikkje kan gi rabatt på nye bøker lenger. )
Medlemskupp 10 til 1999,- (gjeld for bøker utgitt i 2023 eller tidlegare).
Korleis fungerer det?
Så snart ei bok er sendt til trykk, sender vi ut ein e-post om den nye boka i serien. Vil du ha boka, treng du ikkje å gjere nokon ting, og du vil få boka i postkassen som ein av dei aller første i landet. Faktura vert sendt på e-post.
Ønskjer du ikkje boka, avbestiller du innan 14 dagar. Du vil framleis vera abonnent og få tilbod om neste bok.
Dersom du ønskjer å avslutte abonnementet ditt, skriv du det i svaret til oss. Du kan også avbestille abonnementet på Nynorske klassikarar ved å sende e-post til klassikar@skald.no.
Ei oversikt over vilkåra for ordninga finn du her: https://skald.no/om/abonnementsvilkr/
Interessert?
Fyll ut skjema i venstre kolonne for å bli abonnent.