Bli abonnent på Nynorske klassikarar – den første og einaste abonnementsordninga for verdsklassikarar på nynorsk!

Skalds klassikarar er ein serie av vellagra, handplukka verk i ei ny, frisk og nynorsk språkdrakt som skal gi leseglede til folket. Det vert gitt ut 3 titlar i året til dei store lese høgtidene: påske, sommarferien og jul.

Serien har blitt kåra til Årets vakreste bokserie 2017 av Grafill, og er eit smykke i hylla i tillegg som den gir stor leseglede! Fleire av titlane i serien har blitt nominerte til Kritikarprisen for beste omsetjing og Bastianprisen, og to av bøkene har fått tildelt Kritikarprisen.

Dette får du som abonnent:

  • Du er den første som får vite om dei nye bøkene i serien.
  • Vi sender deg boka same dag vi får ho på lager.
  • Du får maksrabatt 12,5% på alle bøkene, uansett tal.
  • Du får boka fraktfritt i postkassa.

Korleis fungerer det?

Så snart ei bok er sendt til trykk, sender vi ut ein e-post om den nye boka i serien. Vil du ha boka, treng du ikkje å gjere nokon ting, og du vil få boka i postkassen som ein av dei aller første i landet. Faktura vert sendt på e-post.

Ønskjer du ikkje boka, avbestiller du innan 14 dagar. Du vil framleis vera abonnent og få tilbod om neste bok.

Dersom du ønskjer å avslutte abonnementet ditt, skriv du det i svaret til oss. Du kan også avbestille abonnementet på Nynorske klassikarar ved å sende e-post til klassikar@skald.no.

Ei oversikt over vilkåra for ordninga finn du her: https://skald.no/om/abonnementsvilkr/

Interessert?
Send e-post til klassikar@skald.no for å bli abonnent.

Klassikarabonnement

Eg vil bli abonnent på Nynorske klassikarar.
Handlekorg
Lukk
Handlekorga er tom.
-+
Tittel
Tal
Pris

Totalt: NOK

MVA utgjer NOK

Fri frakt i Noreg

Send inn manus
Lukk
Kjøpsvilkår
Lukk
Foreign rights
Lukk