Bak kvart smil skjulte det seg ein gjesp av keisemd, kvar glede skjulte ei forbanning, kvar nyting ein avsmak, og dei beste kyssa etterlét berre eit håplaust begjær etter ei høgare vellyst på leppene.

«Madame Bovary, det er eg!» sa Gustave Flaubert om hovudkarakteren i verket som vert sett på som ein av dei viktigaste romanane skriven på fransk. Den tragiske kjærleikshistoria om bondejenta Emma som drøymer om eit lidenskapeleg og ekstravagant sosietetsliv, har blitt utalege gongar dramatisert, filmatisert og adaptert. Den første filmen vart laga så tidleg som i 1932, og verket var bl.a. kjelda til Heinrich Sutermeisters kjende opera ved same namn frå 1967.

Det er med god grunn at romanen vert sett på som ein av dei viktigaste skriven på fransk. Den er litterært sett svært presis og fortel ei historie som er fascinerande og underhaldane. I Madame Bovary – frå livet i provinsen har Flaubert klart å løfte ein banal historie opp til å famne noko større. Han skildra inngåande si eiga samtid, som han sjølv mislikte og opplevde som meiningslaus. Romanen kan tolkast som ein kritikk av den franske borgarskapen og grensene som småbysamfunnet la på kvinner midt på 1800-tallet.

Samstundes borar Flaubert djupt i menneskesinnet. Madame Bovary er historia om eit menneske på flukt frå verkelegheita, på jakt etter å gjere sin eigen eksistens vakrare, og som ikkje klarer å skilje mellom det viktige og det uvesentlege. Emma Bovary har gitt opphav til omgrepet bovarisme, ein tilstand der draum støtt møter verkelegheit.

Før boka kom ut i 1857 gjekk ho som føljetong i tidsskriftet Revue de Paris. Ho vart skulda for å vere usedeleg, og måtte gjennom ei rettssak før ho var tilleten utgitt som bok. Dette er første gong at ein tekst av Gustave Flaubert blir gitt ut på nynorsk.

SKALDs klassikarar er ein serie av vellagra, handplukka verk i ny, frisk og nynorsk språkdrakt som skal gi leseglede til folket.

Visste du at du også kan abonnere på Nynorske klassikarar?
Les meir om bokklubben her.

2017
Nynorsk
12,0 x 18,0 cm
496 sider
Innbunden med svart tråd, fleksibind med klaffar i tekstil, silketrykk.

Formgjeving: Øystein Vidnes, Andreas Töpfer, Stefan Ellmer
Illustrasjon: Andreas Töpfer
Omsetjing: Margunn Vikingstad

ISBN 9788279592570

Sagt om boka:

«Feriens heteste klassiker. […] Jeg hengir meg til nynorsk-versjonen. Språklig har den en poetisk friskhet og lysstyrke som svir seg inn i sinnet. Den er rytmisk og vakker.»

«Denne vakre bokserien er preget av en slagkraftig estetikk som ikke går på tvers av det litterære uttrykket. Bøkene befinner seg et sted mellom hardcover og pocket innbundet som flexibind med klaff – en nyvinning. De klassiske litterære verkene har fått et tydelig seriepreg med flertydige, slående, ikoniske illustrasjoner og spesialtegnet skrift.»

«Dette er porno for bokelskere, rett og slett.»

«Skald forlag har eit ekte under i emning.»

«Dette er så forseggjort at det er nesten ikke er mulig å finne det bedre.»

«Margunn Vikingstad har levert en oppsiktsvekkende god oversettelse på det vakreste nynorsk. […] Vikingstad har greid å overføre originalens energi, klang og presisjon til norsk. Setningene hennes former seg etter Flauberts utsøkte diskurs uten å høres franske ut.»

«I Margunn Vikingstads versjon er Flauberts 160 år gamle tekst overført til et vakkert nynorsk. Oversettelsen tar utsøkt vare på både det direkte og det vare, på det som, ifølge Flauberts intensjon, handler om «ingenting», og det som rommer lengsler og lidenskap.»

Handlekorg
Lukk
Handlekorga er tom.
-+
Tittel
Tal
Pris

Totalt: NOK

MVA utgjer NOK

Fri frakt i Noreg

Send inn manus
Lukk
Kjøpsvilkår
Lukk
Foreign rights
Lukk