Vi er aldri lenger unna ynska våre enn når vi trur vi eig det ynskte.

Valskyldskapane er noko så sjeldan som ein eksperimentell kjærleiksroman frå starten av 1800-talet. Verket var eit av dei store verka om ekteskapsbrot, i likskap med Madame Bovary av Gustave Flaubert. Også Goethes roman skapte oppstuss. Han vart sett på som usedeleg og vart samanlikna med det lause og lystige livet ein meinte Goethe sjølv levde.

«Det er ikkje ei einaste linje i Valskyldskapane eg ikkje kunne ha opplevd sjølv», sa forfattaren nokre år før sin død, og overlét tolkinga av i kva grad det er Goethe sjølv vi møter i boka, til lesaren.

Blant alle dei berømte verka sine såg Goethe sjølv på Valskyldskapane som det mest vellykka. Med romanen skreiv den elles så positivt innstilte bestseljarforfattaren sin einaste eigentlege tragedie. Han brukte element frå den greske tragedien, kombinert med element frå romantikken, som han sjølv var ein uttalt motstandar av, og enkelte har lese verket som ein parodi på romantikken.

Karakteristisk for Goethes verk er blandinga av litteratur med naturvitskaplege tema. I denne romanen ligg teorien om valskyldskapane av den svenske kjemikaren Torbern Olof Bergman i botnen.

SKALDs klassikarar er ein serie av vellagra, handplukka verk i ny, frisk og nynorsk språkdrakt som skal gi leseglede til folket.

Visste du at du også kan abonnere på Nynorske klassikarar?
Les meir om bokklubben her.

2019
Nynorsk
12,0 x 18,0 cm
320 sider
Innbunden med svart tråd, fleksibind med klaffar i tekstil, silketrykk, offsettrykk.

Formgjeving: Stefan Ellmer
Illustrasjon: Andreas Töpfer
Omsetjing: Oskar Vistdal

ISBN 9788279592846

Sagt om boka:

«Valskyldskapane er eit meisterverk om drift og konvensjonar. […] Skald fortener takk for denne utgjevinga, og Oskar Vistdal St. Olav for det gilde språket.»

Handlekorg
Lukk
Handlekorga er tom.
-+
Tittel
Tal
Pris

Totalt: NOK

MVA utgjer NOK

Fri frakt i Noreg

Send inn manus
Lukk
Kjøpsvilkår
Lukk
Foreign rights
Lukk