Når ei ung dame skal bli heltinne, kan ikkje motbør frå førti omliggande familiar forhindre henne.

Jane Austen er av ein av dei mest lesne engelske forfattarane opp gjennom tidene og er kanskje mest kjent for romanen Pride and Prejudice, men også Northanger Abbey vert rekna som eit av hovudverka hennar. Romanen var mellom dei tidlege arbeida hennar på 1790-talet, men verket blei ikkje utgitt før i 1817, eit halvt år etter hennar død.

I Northanger Abbey møter vi syttenåringen Catherine som for første gong er på besøk i den engelske kurbyen Bath. Der forelskar ho seg både i ein mann, Henry Tilney, og i boka Mysteria på Udolpho av Ann Radcliffe. Catherine tolkar røynda i lys av dei dramatiske hendingane og mørke personane ho les om, og dette fører henne grundig på villspor.

Northanger Abbey er eit av dei seks hovudverka til Jane Austen. Boka er ein satire over overklasselivstil og kjønnsroller, men den er også ein litterær parodi over den gotiske populærlitteraturen, og speler saman med resten av verket til Austen ei viktig rolle i utviklinga av den realistiske romanen.

Northanger Abbey er full av humor og skarpe utleveringar av mannlege privilegium så vel som kvinnelege tåpelegheiter.

Skalds klassikarar er ein serie av vellagra, handplukka verk i ny, frisk og nynorsk språkdrakt som skal gi leseglede til folket.

Visste du at du også kan abonnere på Nynorske klassikarar?
Les meir om bokklubben her.

2022
2. opplag
Nynorsk
12,0 x 18,0 cm
328 sider
Innbunden med svart tråd, fleksibind med klaffar i tekstil, svart silketrykk.

Formgjeving: Stefan Ellmer
Illustrasjon: Andreas Töpfer
Omsetjing: Marie Nedregotten Sørbø

ISBN 9788279593416

Sagt om boka:

«En 200 år gammel dame har sjarmert meg i senk. Jane Austens Northanger Abbey presenteres på norsk for første gang i en nydelig nynorsk oversettelse signert Marie Nedregotten Sørbø.»

«Romanen er lett i tonen, full av ungdommelig overskudd, men det er også en dannelsesroman, en fortelling om å bli voksen, hvor hovedpersonen gradvis kaster av seg barndommens forenklede verdenssyn og modnes. Marie Nedregotten Sørbøs gode oversettelse er ytterligere grunn til å ta fatt på dette verket – klokelig nok har hun valgt et nokså moderne språk.»

«Northanger Abbey er en roman som tøyser med leseres forventninger både til bøker og livet. Slik er den leseverdig i seg selv. Men den er også interessant lest opp mot Austens eget, kanoniserte forfatterskap.»

«Austen kjenner kvar krik og krok i hovudet til Catherine, og skildringa av tankane hennar er eit studium av naturen i mennesket.»

«Northanger Abbey byr på satirisk lek – og et tordnende forsvar for romanen som form.»

Handlekorg
Lukk
Handlekorga er tom.
-+
Tittel
Tal
Pris

Totalt: NOK

MVA utgjer NOK

Fri frakt i Noreg

Send inn manus
Lukk
Kjøpsvilkår
Lukk
Foreign rights
Lukk