Alle detaljane var heslege og til saman danna dei lykke.

I novellesyklusen Tre kvinner utforskar Robert Musil forholdet mellom mann og kvinne, og korleis dei prøver å frigjere seg frå krava til samfunnet, frå fordommar, maktspel, og overvinne alle avstandar. Vi møter tre ulike kvinner, bondejenta Grigia, adelskvinna frå seinmiddelalderens Portugal og arbeiderklassekvinna Tonka. Desse møta utløyser omveltingar i livet til personane, men akkurat korleis det hender, blir ei gåte som forteljaren prøver å løyse.

Desse tre novellene har blitt feira som oppvisingar i stor skrivekunst, samstundes som forfattaren viser seg som ein presis analytikar av karakterane sitt mest intime sjelsliv, tett vevd inn i omgivnadene. Forfattaren skriv både konsentrert og poetisk, sensuelt og ironisk. Han gir historiene sine ein stor detaljrikdom som gir lesaren ei sanseleg oppleving, på same tid som han observerer personane med ein distanse som tillét han å sjå dei frå fleire ulike kantar.

Austerrikaren Robert Musil (1880–1942) er i dag ein av dei viktigaste forfattarane i moderne tysk litteratur og vert samanlikna med Franz Kafka, James Joyce og Marcel Proust. Han er i dag mest kjend for det ufullenda hovudverket Der Mann ohne Eigenschaften. Men novellene til Robert Musil representerer ein viktig og sjølvstendig del av forfattarskapen hans, og står ikkje tilbake for romanane.

Dette er første gong at ein tekst av Robert Musil har blitt gitt ut på nynorsk.

SKALDs klassikarar er ein serie av vellagra, handplukka verk i ny, frisk og nynorsk språkdrakt som skal gi leseglede til folket.

Visste du at du også kan abonnere på Nynorske klassikarar?
Les meir om bokklubben her.

2017
Nynorsk
12,0 x 18,0 cm
136 sider
Innbunden med svart tråd, fleksibind med klaffar i tekstil, silketrykk.

Formgjeving: Øystein Vidnes, Andreas Töpfer, Stefan Ellmer
Illustrasjon: Andreas Töpfer
Omsetjing: Øystein Vidnes

ISBN 9788279592563

Sagt om boka:

«Øystein Vidnes viser, med sin like deler frodige og forstandige nynorske oversettelse av Tre kvinner, at tysk modernisme på nynorsk ikke bare er fullt mulig, men også kan være ytterst kledelig. […] Man finner saftige, slående formuleringer på hver eneste side i Vidnes oversettelse av Tre kvinner, men ingen av dem skal tilskrives nynorskens rikdommer – de stammer ene og alene fra oversetterens språkfølelse.»

«Denne vakre bokserien er preget av en slagkraftig estetikk som ikke går på tvers av det litterære uttrykket. Bøkene befinner seg et sted mellom hardcover og pocket innbundet som flexibind med klaff – en nyvinning. De klassiske litterære verkene har fått et tydelig seriepreg med flertydige, slående, ikoniske illustrasjoner og spesialtegnet skrift.»

«Dette er så forseggjort at det er nesten ikke er mulig å finne det bedre.»

«Dette er porno for bokelskere, rett og slett.»

«Skald forlag har eit ekte under i emning.»

«Briljant oversettelse. Øystein Vidnes viser seg her som en tyskoversetter på høyde med våre aller beste.»

Handlekorg
Lukk
Handlekorga er tom.
-+
Tittel
Tal
Pris

Totalt: NOK

MVA utgjer NOK

Fri frakt i Noreg

Send inn manus
Lukk
Kjøpsvilkår
Lukk
Foreign rights
Lukk