Ein skulle hatt femti par auge å sjå med, tenkte ho.
I Til fyret frå 1927 blir familien Ramsays ferie på øya Skye, og trivialitetane rundt ei stadig utsett utflukt til det nærliggande fyret, løfta til stor litteratur. Romanen er ei oppvising i den intense, djuptborande skrivemåten til Virginia Woolf. Verket er rekna som eit stjerneeksempel på bruken av stream of consciousness, der forteljinga følgjer den indre straumen av tankar, innfall, inntrykk og kjensler i menneskesinnet. Til fyret kan også lesast som ei sjølvbiografisk gransking av oppvekst og vaksenliv. Kritikarar har utropt romanen til eit meisterverk, og boka vart ein bestseljar alt i Woolfs levetid.
Prosaen til Virginia Woolf er kjend for å søke sanninga i bevisstheita til romanfigurane ved bruk av nye litterære grep. Alt i si levetid var Woolf sett på som ein stjerneforfattar, men først i samband med kvinnerørsla på 1970-talet vart ho for fullt oppdaga internasjonalt. Ingen av verka hennar er tidlegare utgitt på nynorsk.
SKALDs klassikarar er ein serie av vellagra, handplukka verk i ny, frisk og nynorsk språkdrakt som skal gi leseglede til folket.
Siss Vik & Janne Stigen Drangsholt, Nrk kulturstripa
«For ei glede å få oppleve denne klassikaren på ny, med nye klangar og nye ord i Brit Bildøens bragd av ei omsetjing!»
Årets beste bøker plukka av Eivind Myklebust, Bokmagasinet
«Årets beste klassiker! […] Livet, havet, døden, i en roman som blir bedre og bedre jo flere ganger den leses. Skalds utgave er dessuten en vakker gave, rent estetisk.»
Gerd Elin Stava Sande, Dagsavisen
«For første gang foreligger Til fyret på nynorsk, utgitt av Skald forlag og glimrende oversatt av Brit Bildøen, som mestrer den krevende oppgaven å gjenskape rytmen i Woolfs lange setninger. […] det er noe ved klangen som føles … woolfsk, rett og slett. En slags feminin klang, som Woolf selv var opptatt av.»
Elise Winterthun, Bokmagasinet
«Designen er slående, jeg kan ikke huske å ha sett ei vakrere bok.»
Per Petterson, frå «Mitt Abruzzo» (Forlaget Oktober 2021, s. 152)
«Brit Bildøens lydhøre oversettelse er et kunstverk i seg selv.»
Frode Johansen Riopelle, Morgenbladet
«Skal ein først lese klassikarar – og det kan absolutt vere vits å gjere – er dette ein av dei aller beste stadene ein kan starte, i heile verdslitteraturen. Dessutan ei perfekt sommarferiebok!»
«Tankar, innfall, inntrykk og kjensler spilles ut – og det til det fulle – over eit bakteppe med mellommenneskelege forhold, kjærleik og daud og ein særskild interessant skildring av oppvekst og vaksenliv. Eg veks av å lese denne romanen. Terningkast: 6.»