Så me stampar oss fram, som båtar mot straumen, drivne tilbake mot fortida utan stans.

Den store Gatsby tek oss med inn i ei verd av overflod, draumar og djup lengsel. Forteljaren Nick Carraway flyttar til Long Island utanfor New York og blir dratt inn i eit liv fylt av glitter og glamour. Der møter han Jay Gatsby, ein mystisk og ufatteleg rik mann som held storslagne festar i sitt imponerande herskapshus. Men bak fasaden av luksus og lys, skjuler Gatsby lengta etter Daisy, kjærleiken frå ungdommen, som no er gift med den arrogante og grove Tom Buchanan.

Gjennom Gatsbys lidenskap ser vi korleis den amerikanske draumen kan bli eit mareritt, korleis menneske kan bli slukt av grådigskap og øydelagt av si eiga uro. Den store Gatsby er ei forteljing om knuste draumar, uoppnåeleg kjærleik, og dei mørke avgrunnane som ligg bak eit tilsynelatande perfekt liv.

Då romanen kom ut i 1925, vart han ein fiasko for suksessforfattaren Fitzgerald. Verken lesarar eller kritikarar sette romanen særleg høgt den gongen. Først etter at ein frivillig organisasjon delte ut gratis eksemplar av boka til soldatar under den andre verdskrigen, vaks romanen til å bli den klassikaren han er i dag, med tallause adaptasjonar, dramatiseringar og filmatiseringar.

Hundre år etter utgjevinga, blir Den store Gatsby sett på som eit av dei viktigaste verka i den moderne verdslitteraturen. Han har forma biletet vårt av 1920-åra, eller det Fitzgerald sjølv kalla «jazzalderen» – ei tid fylt av fest, musikk og framtidsoptimisme, men òg depresjon, einsemd og framandgjering.

Skalds klassikarar er ein serie av vellagra, handplukka verk i ny, frisk og nynorsk språkdrakt som skal gi leseglede til folket.

Visste du at du også kan abonnere på Nynorske klassikarar?
Les meir om bokklubben her.

2024
Nynorsk
12,0 x 18,0 cm
220 sider
Innbunden med svart tråd, fleksibind med klaffar i gull tekstil, svart silketrykk.

Formgjeving: Øystein Vidnes, Andreas Töpfer, Stefan Ellmer
Illustrasjon: Andreas Töpfer
Omsetjing: Nils Henrik Smith

ISBN 9788279593768

Sagt om boka:

«Timinga kunne knapt vore betre. […]Den sterkt dialogdrivne handlinga har fått ei lett og ledig språkdrakt i den overmåte gode nyomsetjinga til Nils Henrik Smith.»

«Fascinasjonsobjektet Jay Gatsby skinner i Nils Henrik Smiths nynorske oversettelse.»

«Gatsbys håp gir han energi, (over)mot og fart – men han ser ikke at håpets mørke side – eller den amerikanske drømmen, om du vil – uthuler ham selv, og gjør ham ute av stand til å se virkeligheten rett foran seg. […] For det er nemlig Fitzgeralds syrlige kynisme og håpets mørke side, som jeg avviste kontant som 16-åring, som gir en merkelig liten dytt til håpløsheten og redselen, som mitt 50-årige jeg kjenner på for hvordan det skal gå med verden i disse tider.»

Handlekorg
Lukk
Handlekorga er tom.
-+
Tittel
Tal
Pris

Totalt: NOK

MVA utgjer NOK

Fri frakt i Noreg

Send inn manus
Lukk
Kjøpsvilkår
Lukk
Foreign rights
Lukk