Ein skulle hatt femti par auge å sjå med, tenkte ho.

I Til fyret frå 1927 blir familien Ramsays ferie på øya Skye, og trivialitetane rundt ei stadig utsett utflukt til det nærliggande fyret, løfta til stor litteratur. Romanen er ei oppvising i den intense, djuptborande skrivemåten til Virginia Woolf. Verket er rekna som eit stjerneeksempel på bruken av stream of consciousness, der forteljinga følgjer den indre straumen av tankar, innfall, inntrykk og kjensler i menneskesinnet. Til fyret kan også lesast som ei sjølvbiografisk gransking av oppvekst og vaksenliv. Kritikarar har utropt romanen til eit meisterverk, og boka vart ein bestseljar alt i Woolfs levetid.

Prosaen til Virginia Woolf er kjend for å søke sanninga i bevisstheita til romanfigurane ved bruk av nye litterære grep. Alt i si levetid var Woolf sett på som ein stjerneforfattar, men først i samband med kvinnerørsla på 1970-talet vart ho for fullt oppdaga internasjonalt. Ingen av verka hennar er tidlegare utgitt på nynorsk.

SKALDs klassikarar er ein serie av vellagra, handplukka verk i ny, frisk og nynorsk språkdrakt som skal gi leseglede til folket.

Visste du at du også kan abonnere på Nynorske klassikarar?
Les meir om bokklubben her.

2021
Nynorsk
12,0 x 18,0 cm
260 sider
Innbunden med svart tråd, fleksibind med klaffar i tekstil, kvit silketrykk.

Formgjeving: Stefan Ellmer, Andreas Töpfer, Øystein Vidnes
Omsetjing: Brit Bildøen

ISBN 9788279593164

Sagt om boka:

«Klassisk – og veldig, veldig god
Virginia Woolf sine bøker […] er lette å lese, å ta innover seg. Enkle, kvardagslege setningar, like gode i Brit Bildøen si musikalske omsetjing som i originalen. […] Skal ein først lese klassikarar – og det kan absolutt vere vits å gjere – er dette ein av dei aller beste stadene ein kan starte, i heile verdslitteraturen. Dessutan ei perfekt sommarferiebok!
»

«Brit Bildøens lydhøre oversettelse er et kunstverk i seg selv.»

«En av verdens beste bøker!»

«For første gang foreligger Til fyret på nynorsk, utgitt av Skald forlag og glimrende oversatt av Brit Bildøen, som mestrer den krevende oppgaven å gjenskape rytmen i Woolfs lange setninger. […] det er noe ved klangen som føles … woolfsk, rett og slett. En slags feminin klang, som Woolf selv var opptatt av.»

Handlekorg
Lukk
Handlekorga er tom.
-+
Tittel
Tal
Pris

Totalt: NOK

MVA utgjer NOK

Fri frakt i Noreg

Send inn manus
Lukk
Kjøpsvilkår
Lukk
Foreign rights
Lukk