Å bli hata av han er trass alt å føretrekke framfor å bli elska av han.

Stormfulle høgder (1847) er ein av dei mest lesne engelske klassikarane i verda og den einaste romanen skriven av Emily Brontë. Verket vart gitt ut under pseudonymet Ellis Bell, og først etter Brontës død i 1848, vart boka publisert under hennar eige namn.

Romanen vert sett på som eit av dei største verka i verdslitteraturen. Den mørke og dystre kjærleikshistoria frå den nordengelske landsbygda, om Catherine og den vondsinna protagonisten Heathcliff, sjokkerte i samtida, ikkje minst fordi Brontë i romanen braut med litterære og moralske normer. Etter kvart har verket blitt rekna blant dei ypparste frå 1800-talslitteraturen, og karakterane Brontë skapte har i all sin mørke villskap fascinert lesarane fram til i dag. Den mytiske statusen til Stormfulle høgder har vakse med tallause filmatiseringar og andre omarbeidingar. I dag er historia ikkje minst kjend frå Kate Bush' song Wuthering Heights.

Romanen er omsett til nynorsk av Øystein Vidnes og Ragnar Hovland. At det er nettopp den uhøvla utkantskildraren Ragnar Hovland som omset skildringa av dei «vondskapsfulle» og «uhøvla barbarane» (som kritikarane kalte dei) frå den engelske landsbygda, gir denne nyomsetjinga ein ekstra dimensjon.

SKALDs klassikarar er ein serie av vellagra, handplukka verk i ny, frisk og nynorsk språkdrakt som skal gi leseglede til folket.

Visste du at du også kan abonnere på Nynorske klassikarar?
Les meir om bokklubben her.

2019
Nynorsk
12,0 x 18,0 cm
480 sider
Innbunden med svart tråd, fleksibind med klaffar i tekstil, silketrykk.

Formgjeving: Øystein Vidnes, Andreas Töpfer, Stefan Ellmer
Omsetjing: Ragnar Hovland, Øystein Vidnes

ISBN 9788279592778

Sagt om boka:

«Ragnar Hovland og Øystein Vidnes har lyktes i å ivareta de to sentrale fortellernes temperament og personlighet, samtidig som de har funnet en svært vellykket norsk form til romanens innslag av dialekt.»

«En av de store leseropplevelsene i 2020. […] Dette er en av verdens-litteraturens beste romaner i en vilt god oversettelse til nynorsk.»

«Dette er genuint revitaliserende oversettelser av verk som er så sentrale at andre kanskje ikke ville ha våget seg på nyoversettelser, pakket inn i nydelige omslag og med en sats som det er en fryd å hvile øyet på.»

«Forlaget Skald, som ganske riktig har base i Sogn, har med Stormfulle høgder laga nok ei vakker og viktig bok. Stormfulle høgder framstår i dag som ein nyskapande feministisk, gotisk skrekkroman.»

Handlekorg
Lukk
Handlekorga er tom.
-+
Tittel
Tal
Pris

Totalt: NOK

MVA utgjer NOK

Fri frakt i Noreg

Send inn manus
Lukk
Kjøpsvilkår
Lukk
Foreign rights
Lukk