Når ei ung dame skal bli heltinne, kan ikkje motbør frå førti omliggande familiar forhindre henne.

Jane Austen er av ein av dei mest lesne engelske forfattarane opp gjennom tidene og er kanskje mest kjent for romanen Pride and Prejudice, men også Northanger Abbey vert rekna blant dei seks hovudverka hennar. Romanen var mellom dei tidlege arbeida hennar på 1790-talet, men verket blei ikkje utgitt før i 1817, eit halvt år etter hennar død.

I Northanger Abbey møter vi syttenåringen Catherine som for første gong er på besøk i den engelske kurbyen Bath. Der forelskar ho seg både i ein mann, Henry Tilney, og i boka Mysteria på Udolpho av Ann Radcliffe. Catherine tolkar røynda i lys av dei dramatiske hendingane og mørke personane ho les om, og dette fører henne grundig på villspor.

Boka er ein satire over overklasselivstil og kjønnsroller, men den er også ein litterær parodi over den gotiske populærlitteraturen, og speler saman med resten av verket til Austen ei viktig rolle i utviklinga av den realistiske romanen.

Northanger Abbey er full av humor og skarpe utleveringar av mannlege privilegium så vel som kvinnelege tåpelegheiter.

Skalds klassikarar er ein serie av vellagra, handplukka verk i ny, frisk og nynorsk språkdrakt som skal gi leseglede til folket.

Visste du at du også kan abonnere på Nynorske klassikarar?
Les meir om bokklubben her.

2022
Nynorsk
12,0 x 18,0 cm
328 sider
Innbunden med svart tråd, fleksibind med klaffar i tekstil, svart silketrykk.

Formgjeving: Øystein Vidnes, Stefan Ellmer, Andreas Töpfer
Illustrasjon: Andreas Töpfer
Omsetjing: Marie Nedregotten Sørbø

ISBN 9788279593416

Handlekorg
Lukk
Handlekorga er tom.
-+
Tittel
Tal
Pris

Totalt: NOK

MVA utgjer NOK

Fri frakt i Noreg

Send inn manus
Lukk
Kjøpsvilkår
Lukk
Foreign rights
Lukk