Då Gregor Samsa vakna i senga si ein morgon av urolege draumar var han forvandla til eit uhyrleg kryp.

Franz Kafkas Forvandlinga og andre forteljngar i nyomsetjing av Jon Fosse er starten på ein ny klassikarserie med verdslitteraturens viktigaste verk i ny nynorsk språkdrakt.

Franz Kafka (1883–1924) vert sett på som ein av dei mest vesentlege forfattarane på 1900-talet, og verka hans er ein uomgjengeleg del av verdslitteraturen sin kanon. I dag er Kafka den mest lesne tyskspråklege forfattaren i verda.

Kafka sin langnovelle Forvandlinga (1915) vert sett på som eit av dei mest nyskapande skjønnlitterære verk i det 20. århundre. Forteljinga har blitt dramatisert, filmatisert, omarbeidd, sitert frå og referert til, og er den lengste ferdigskrivne teksten Kafka har gitt ut i si levetid.

Novella handlar om den handelsreisande Gregor Samsa som åleine må forsørge familien. Ein dag vaknar han og har blitt til eit insekt. Innesperra i rommet sitt vert han meir og meir isolert og den først ganske så omsorgsfulle systera vender seg etter kvart også frå han, før han til slutt, forbanna og einsam, sovnar inn.

Den nye utgivinga inneheld i tillegg til Forvandlinga fire av dei mest kjende forteljingane til Kafka, og dei Jon Fosse tykkjer mest om: Dommen, Ein landsens lækjar, Framfor lova og Ein draum. Forteljingane vart i 1920 utgjevne av Kafka sjølv i samlinga Ein Landarzt.

SKALDs klassikarar er ein serie av vellagra, handplukka verk i ny, frisk og nynorsk språkdrakt som skal gi leseglede til folket.

Visste du at du også kan abonnere på Nynorske klassikarar?
Les meir om bokklubben her.

2016
Nynorsk
12,0 x 18,0 cm
120 sider
Mjukt innbunden med svart tråd, fleksibind med klaffar i tekstil, silketrykk.

Formgjeving: Stefan Ellmer, Andreas Töpfer, Øystein Vidnes
Omsetjing: Jon Fosse

ISBN 9788279592426

Sagt om boka:

«Denne vakre bokserien er preget av en slagkraftig estetikk som ikke går på tvers av det litterære uttrykket. Bøkene befinner seg et sted mellom hardcover og pocket innbundet som flexibind med klaff – en nyvinning. De klassiske litterære verkene har fått et tydelig seriepreg med flertydige, slående, ikoniske illustrasjoner og spesialtegnet skrift.»

«Fosses Kafka er, på sitt vis, både moderne og vital. […] En bok man får lyst til å ha.»

«Skald forlag har eit ekte under i emning.»

«Det er en fornøyelse å lese Franz Kafkas Forvandlinga og andre forteljingar i Jon Fosses fortreffelige språkdrakt.»

«Ei av årets beste bøker. […] Ingen andre har så genialt skildra draum som røynd og røynda som mardraum. […] Kanskje endå betre enn romanane er dei korte tekstane hans, som dei fem Jon Fosse har samla her og omsett til eit vakkert nynorsk.»

«En fryd å lese. Når boka i tillegg er en fryd for øyet; liten og nett, med oransje tekstil med silketrykk; er det lett å forelske seg. […] Dette er den perfekte julegaven til alle som er glade i vakkert språk og vakre bøker, og som heier på nynorsk.»

«Kraftfull i sin enkelhet. Bruken av sterke signalfarger og tidløse illustrasjoner med tydelig symbolikk står godt til den nøytrale typografien, som er spesiallaget for utgivelsen. Det innbundne omslaget i flexibinding er utradisjonelt for sjangeren, og gir bøkene en taktil kvalitet, samtidig som det er funksjonelt.»

Handlekorg
Lukk
Handlekorga er tom.
-+
Tittel
Tal
Pris

Totalt: NOK

MVA utgjer NOK

Fri frakt i Noreg

Send inn manus
Lukk
Kjøpsvilkår
Lukk
Foreign rights
Lukk