Einkvan må ha loge om Josef K., for utan at han hadde gjort noko gale vart han ein morgon arrestert.

Prosessen (1925) er ein av dei mest vidgjetne romanane frå det tjuande hundreåret. Han er omsett til tallause språk og kan sjåast som ein av dei grunnleggande tekstane for å skjøne det vi kallar den moderne livskjensla.

Hovudpersonen K. blir tilsynelatande kasta inn i ei verd styrt av reglar og logikk som er ukjende både for han lesaren. Dette gir ein urovekkande og tidvis mørkt komisk effekt og gjer at boka kjennest aktuelt også idag.

Franz Kafka skreiv manuset i hovudsak i 1914 og 1915, men det vart liggande uferdig. Før forfattaren døydde, bad han venen Max Brod om å øydeleggje dei uferdige manusa hans. Men Brod følgde ikkje ønsket, han pusla dei lause manussidene av Prosessen saman og publiserte verket. Det er Brods utgåve og rekkjefølgje som ligg til grunn for denne nyomsetjinga. Brod stod Kafka svært nær, og det er all grunn til å tru at hans utgåve også er den som står Kafka nærast.

Kafka hadde eit særpreg i forfattarskapen som var sterkt nok til å gjere namnet hans til omgrep i språket. Når verda framstår framand for oss, kan vi kalla henne kafkask, og når styresmakter eller storkapitalismen yter oss urett, blir det fort ein kafka-prosess.

Skalds klassikarar er ein serie av vellagra, handplukka verk i ny, frisk og nynorsk språkdrakt som skal gi leseglede til folket.

Visste du at du også kan abonnere på Nynorske klassikarar?
Les meir om bokklubben her.

2022
3. opplag
Nynorsk
12,0 x 18,0 cm
268 sider
Innbunden med svart tråd, fleksibind med klaffar i tekstil, svart silketrykk.

Formgjeving: Øystein Vidnes, Andreas Töpfer, Stefan Ellmer
Illustrasjon: Andreas Töpfer
Omsetjing: Jon Fosse

ISBN 9788279593355

Sagt om boka:

«Jon Fosse har klart det kun gode oversettere får til, nemlig å få leseren til å glemme at boken er oversatt.»

«Omsetjinga til Jon Fosse er ein fryd å lese, mellom anna fordi lesaren blir var sider ved Prosessen som forsvinn i karikaturen.»

«Med Jon Fosses oversettelse har vi fått en ny, slitesterk norsk versjon, som vil tåle mange gangers gjenlesning. Denne utgivelsen er intet mindre enn en litterær begivenhet.»

«Franz Kafkas klassiske roman Prosessen kjennest uhyggeleg aktuell i eit Europa der diktaturet trugar. […] Sjølv utan denne litterære nyhendinga, der meister møter meister, der Fosses glitrande omsettarjobb lar Kafka skine på mitt eige mål – ei eksistensiell oppleving i seg sjølv – er romanen skremmande aktuell.»

«Å lese Fosses versjon er en glede. Det er i grunnen synd at så mange av verdenslitteraturens største fortellinger ennå ikke har blitt gjendiktet til nynorsk. Skald forlags klassikerserie er en gullgruve i så måte. »

«Selve boken er en liten lekkerbisken i seg selv. Designet med dyrt papir av designerne Øystein Vidnes og Andreas Töpfer. Lille Skald forlag i Leikanger har til og med fått utviklet en egen skrifttype, spesielt for denne klassikerserien.»

Handlekorg
Lukk
Handlekorga er tom.
-+
Tittel
Tal
Pris

Totalt: NOK

MVA utgjer NOK

Fri frakt i Noreg

Send inn manus
Lukk
Kjøpsvilkår
Lukk
Foreign rights
Lukk