Ein etter ein skulle dei alle verta til skuggar.

Dei døde er tredje bok i SKALD sin klassikarserien med verdslitteraturens viktigaste verk i ny, nynorsk språkdrakt.

James Joyces Dei døde (1914) blir sett på som ei av verdas beste noveller. Forteljinga som avslutta samlinga Dubliners inneheld alt som gjer Joyce til ein feira forfattar: eit sanseleg språk, bitande ironi og ei brennande interesse for det indre livet til menneska, med dei stivna konvensjonane som ytre tvangstrøyer.

Joyce ønskte å gi ei sannferdig framstilling av menneska og det samfunnet dei levde i, og samtida reagerte med sjokk på dei direkte skildringane hans av alkoholisme, urett, seksualitet og generell dårskap. At Joyce ikkje heldt noko tilbake og gav eit uforfalska bilete av menneskenaturen slik han såg den, gjer verket hans friskt og gjenkjenneleg også for dei som les han i dag.

Med denne omsetjinga av Jon Fosse er det første gong ein tekst av James Joyce vert gitt ut på nynorsk.

SKALDs klassikarar er ein serie av vellagra, handplukka verk i ny, frisk og nynorsk språkdrakt som skal gi leseglede til folket.

Visste du at du også kan abonnere på Nynorske klassikarar?
Les meir om bokklubben her.

2016
3. opplag
Nynorsk
12,0 x 18,0 cm
80 sider
Innbunden med svart tråd, fleksibind med klaffar i tekstil, silketrykk.

Formgjeving: Øystein Vidnes, Andreas Töpfer, Stefan Ellmer
Illustrasjon: Andreas Töpfer
Omsetjing: Jon Fosse

ISBN 9788279592556

Sagt om boka:

«Denne vakre bokserien er preget av en slagkraftig estetikk som ikke går på tvers av det litterære uttrykket. Bøkene befinner seg et sted mellom hardcover og pocket innbundet som flexibind med klaff – en nyvinning. De klassiske litterære verkene har fått et tydelig seriepreg med flertydige, slående, ikoniske illustrasjoner og spesialtegnet skrift.»

«Dette er så forseggjort at det er nesten ikke er mulig å finne det bedre.»

«Joyce har aldri før uttrykt seg nett slik han gjer i Fosses versjon. «Dei døde» er ei novelle som kan fylle lesaren på ny og på ny, utan å bli tømd. […] Skald forlag har eit ekte under i emning.»

«Meistermøte. Ein standard for komande slekter. […] Lesarane får etter kort tids lesing illusjonen av at dette eigentleg er ein original nynorsktekst. […] Boka kjem ut på eit lite nynorskforlag, Skald, som gledeleg nok ikkje berre satsar på kvalitet, men òg på bibliofili.»

«Jon Fosse har omsett boka på ein måte som gjer at ein skulle tru boka var skrive på nynorsk.»

Handlekorg
Lukk
Handlekorga er tom.
-+
Tittel
Tal
Pris

Totalt: NOK

MVA utgjer NOK

Fri frakt i Noreg

Send inn manus
Lukk
Kjøpsvilkår
Lukk
Foreign rights
Lukk