Veit du kva, det er ikkje så hyggeleg å døy no når sommaren er rett rundt hjørnet.

Sju galningar (1929) er hovudverket blant romanane til Roberto Arlt. Det er ei vill forteljing frå underverda i Buenos Aires, der pengeinnkrevjaren og oppfinnaren Erdosain manøvrerer blant små og store kjeltringar, horer og hallikar, skrønande gullgravarar, revolusjonære militære og mystiske drøymarar med stormannsgalne planar.

I samtida blei Arlt kritisert for den ureine stilen sin, men ettertida har sett på han som ein nyskapar. Arlt blanda ulike skrivemåtar og braut både konvensjonar og fornuftas reglar. Historia om den pengelense Erdosain er ein røvarroman med element av surrealisme og skiten realisme. Verket er drive av ein rasande desperasjon, eit agg mot samfunnet og ein hemningslaus fantasi som gjer romanen til ein nærast profetisk parabel over det urolege hundreåret som kom etter boka.

SKALDs klassikarar er ein serie av vellagra, handplukka verk i ny, frisk og nynorsk språkdrakt som skal gi leseglede til folket.

Visste du at du også kan abonnere på Nynorske klassikarar?
Les meir om bokklubben her.

2024
Nynorsk
12,0 x 18,0 cm
348 sider
Innbunden med svart tråd, fleksibind med klaffar i tekstil, svart silketrykk.

Formgjeving: Øystein Vidnes, Andreas Töpfer, Stefan Ellmer
Illustrasjon: Andreas Töpfer
Omsetjing: Øystein Vidnes

ISBN 9788279593744

Sagt om boka:

«Det blir rein magi når Roberto Arlt tek språket i bruk. […] den norske utgåva som omsetjar Øystein Vidnes har stått for er knirkefri – rett og slett upåklageleg.»

«Roberto Arlt skreiv forbløffande moderne og aktuelt om det ulukkelege individet.»

«Han blir et bilde av et desillusjonert, moderne menneske uten forankring i etikk, gudsfrykt, håp, plikt eller sosiale konvensjoner. Til gjengjeld besitter han masse språk som gjør at leseren ikke oppfatter ham som en endimensjonal skurk.»

«Sju galningar er en demonisk «leseorgie», et infernalsk kaos av megalomane narsissister, usammenhengende enetaler, erotiske eskapader og løfter som aldri vil innfris. Den er et komisk og fascinerende mareritt av en roman […] Med utgivelsen av argentineren Arlts (1900–1942) hovedverk fra 1929 fortsetter Skald sin beundringsverdige jobb med å frembringe flere biter til det (ny)norske litterære puslespillet. »

« Romanen er eit Hieronymus Bosch-panorama over den paranoide mellomkrigstida i Argentina, lett forkledd som ein spenningsroman. Ho er ei marerittaktig bok som likevel får deg til å le høgt, for den verste styggedom blir presentert i eit overskotsprega, barokt språk som gjev skildringane driv og humør.»

«Utfallet av handlingen ikke er det mest avgjørende i denne sterkt leseverdige romanen. Tekstens største kvalitet ligger i samspillet mellom fornuftens språk og nedbrytningen av Erdosains moral.»

Handlekorg
Lukk
Handlekorga er tom.
-+
Tittel
Tal
Pris

Totalt: NOK

MVA utgjer NOK

Fri frakt i Noreg

Send inn manus
Lukk
Kjøpsvilkår
Lukk
Foreign rights
Lukk