Bli med på ei rik reise langs Sognefjorden – frå kysten i vest til Jotunheimen i aust. Den allsidige reiseguiden er ei praktisk handbok og ei fyldig illustrert praktbok med kart og fakta som gir inspirasjon og informasjon om kva kommunane langs Sognefjorden har å by på – frå historiske attraksjonar til fotturar, aktivitetar og moderne friluftsliv.

Boka dekker kommunane Solund, Hyllestad, Gulen, Høyanger, Balestrand, Vik, Aurland, Lærdal, Årdal, Leikanger, Sogndal og Luster. Kvar kommune er presentert med oversiktelege kart der attraksjonane og aktivitetane er teikna inn. Saman med fyldig faktainformasjon blir det lett for både tilreisande og fastbuande å finne fram. Gjennom boka blir vi kjende med eit breitt utval av kultur- og naturopplevingar som fjord-, bre og fjellaktivitetar, nasjonale turistvegar, stav- og steinkyrkjer m.m.

2012
Nynorsk
14,0 x 23,0 cm
272 sider
Trådhefta i mjuk innbinding med klaffar, rikt illustrert, kart.
2. opplag (2015)

Formgjeving: Øystein Vidnes
Foto: Finn Loftesnes

ISBN 9788279591863

Sagt om boka:

«Anbefalt.»

«Eg er trygg på at boka Opplev Sognefjorden kjem til å liggja under mange juletre i år.»

Handlekorg
Lukk
Handlekorga er tom.
-+
Tittel
Tal
Pris

Totalt: NOK

MVA utgjer NOK

Fri frakt i Noreg

Send inn manus
Lukk
Kjøpsvilkår
Lukk
Foreign rights
Lukk