I 2015 kåra lesarane av National Geographic Færøyane til Årets destinasjon. Dei grøne øyane i havet trekker turistar som aldri før, og nordmenn reiser for å oppleve eit øysamfunn med røter i norsk historie.

Forfattar og kulturjournalist Ottar Fyllingsnes står bak boka som er meir enn ein vanleg reiseguide, og som opnar døra til historie, kultur og kvardag på Færøyane. Fyllingsnes har leita attende i den felles norsk-færøyske historia etter grunnlaget for, og utviklinga av, mikrostaten vest i havet. For korleis kan eit øysamfunn med så mykje motgang, likevel vera eit moderne velstandssamfunn i medgang?

Færøyane er ein kulturhistorisk vegvisar med stor tematisk breidd i eit lite geografisk landskap. Fyllingsnes skriv mellom anna om sjølvstendestriden, krisa i kystfisket, kampen for språket og olsokfeiringa, som også er Færøyane sin nasjonaldag. Lesaren får gjennom møte med folk, kultur og næringsliv eit unikt innblikk i korleis Færøyane er i dag, samstundes som forfattaren trekker linjer i samfunnsutviklinga heilt attende til vikingtida.

2016
Nynorsk
16,8 x 22,9 cm
304 sider
Innbunden med sølvfoliepreg.

Formgjeving: Silje Nes
Foto: Harald Hognerud

ISBN 9788279592464

Sagt om boka:

«En både gigantisk og mektig reisehåndbok om Færøyene.»

«Så innbydande at eg for min del alt har tenkt ut planen for eit besøk der ute nordvest i havet.»

«Stor og entusiastisk bok som lokker deg over Nordsjøen.»

«Et must for dem som allerede har et forhold til øyriket og en innføring for dem som skal i vesterled.»

«Boka er eit meisterstykke av reiselitteratur.»

«Dei to har skapt eit praktverk, skrive med ein varsam og respektfull penn.»

Handlekorg
Lukk
Handlekorga er tom.
-+
Tittel
Tal
Pris

Totalt: NOK

MVA utgjer NOK

Fri frakt i Noreg

Send inn manus
Lukk
Kjøpsvilkår
Lukk
Foreign rights
Lukk