Å gå er bra for helsa. Men av og til treng vi motivasjon for å gjere det rette. Difor sette Magne seg eit ambisiøst mål då han i 2005 bestemde seg for å gå seg frisk – han skulle gå frå pol til pol, om ikkje reelt, så i distanse. Kvar dag snørde han difor på seg skoa, gjekk sine tilmålte kilometer og kunne krysse av på kartet at han no var komen fem kilometer lengre på veg sørover.

Familien la sjølvsagt merke til denne gåinga. Og etter kvart vart dottera Elin interessert i ikkje berre kvifor han gjekk, men kvar han gjekk. Gjennom ti turar i indre Sogn blir vi med ein kunnskapsrik mann og dottera på dei gode, kjende nærturane. Magne fortel om fylket som var, om verda, og om stadane han går forbi i Leikanger, Balestrand, Sogndal, Luster og Årdal. På vegen blir vi kjende med både han og Elin, og får høyre kvifor han gjekk som han gjekk.

2022
Nynorsk
14,8 x 20,0 cm
272 sider
Trådinnbunden med overtrekk i tekstil, silketrykk

Formgjeving: Silje Nes

ISBN 9788279593157

Handlekorg
Lukk
Handlekorga er tom.
-+
Tittel
Tal
Pris

Totalt: NOK

MVA utgjer NOK

Fri frakt i Noreg

Send inn manus
Lukk
Kjøpsvilkår
Lukk
Foreign rights
Lukk