Kvifor gløymde du ikkje hjartet ditt også, det ville eg ikkje ha late deg ta tilbake.

Forfattarskapen til franske Marcel Proust (1871–1922) er eit nav i den moderne verdslitteraturen. Hans gigantiske roman På sporet av den tapte tid, som kom ut i 15 bind frå 1913 til 1927, har blitt eit uomgjengeleg referansepunkt for boklesande over heile verda. Augneblinken då hovudpersonen dyppar ein madeleine-kake i teen og blir utsett for det ein kallar eit ufrivillig minne, har i seg sjølv blitt eit ikonisk moment i moderne idéhistorie.

Swanns kjærleik utgjer ein lang digresjon i det store romanverket, men forteljinga står samstundes på eigne bein. Ho er ei av dei mest kjende kjærleikshistoriene i verdslitteraturen, og er ein fin inngang i den store forfattarskapen.

Den intense historia om korleis levemannen Swann steg for steg forvillar seg inn i ei kjærleiksaffære, har alt som følgjer med av lengsel, uro, svartsjuke, sjølvplaging og den underliggande undringa på om det verkeleg går an å kjenne og å elske eit anna menneske.

2023
Nynorsk
12,0 x 18,0 cm
310 sider
Innbunden med svart tråd, fleksibind med klaffar i tekstil, kvit silketrykk.

Formgjeving: Stefan Ellmer, Øystein Vidnes
Illustrasjon: Andreas Töpfer
Omsetjing: Margunn Vikingstad

ISBN 9788279593652

Sagt om boka:

«Kjærleik og galskap i vakker, fransk foreining […] Margunn Vikingstad lukkast med å overføre Proust si særeigne språklege flyt til eit naturleg og moderne nynorsk, og blåser nytt, vitalt liv i ein av dei mest tonegjevande romanane i europeisk litteratur. […] Om du nøler med å ta fatt på «På sporet av den tapte tid», er Swanns kjærleik eit godt utgangspunkt.»

Handlekorg
Lukk
Handlekorga er tom.
-+
Tittel
Tal
Pris

Totalt: NOK

MVA utgjer NOK

Fri frakt i Noreg

Send inn manus
Lukk
Kjøpsvilkår
Lukk
Foreign rights
Lukk