Geiranger er ein av Noregs mest besøkte fjordarmar. Med båt eller bil, gåande og syklande, valfartar tusenvis av turistar frå både inn- og utland til denne vesle bygda inst i Geirangerfjorden, den inste delen av Storfjorden. Heile fjorden, med fjella rundt, fekk verdsarvstatus i 2005, og hegnar om eit heilt eige særpreg i det vestnorske fjordlandskapet.

Forfattar og fotograf Ingeborg Refsnes har gjennom eit år teke bilete og besøkt denne verdskjende fjorden, og tek oss med rundt i verdsarvsområdet for å vise oss dei høge fjella, den djupe fjorden og alt som ligg midt i mellom.

Boka vert utgitt i serien Skalds turistbøker, der det i 2018 vart gitt ut bok om Flåmsbana.

2019
Nynorsk
14,0 x 17,8
88 sider
Innbunden med blankt overtrekk, foliepreg.

Formgjeving: Jouni Kuuva
Foto: Ingeborg Refsnes

ISBN 9788279592921

Handlekorg
Lukk
Handlekorga er tom.
-+
Tittel
Tal
Pris

Totalt: NOK

MVA utgjer NOK

Fri frakt i Noreg

Send inn manus
Lukk
Kjøpsvilkår
Lukk
Foreign rights
Lukk