Pass deg for eg er uredd og difor mektig.

Mary Shelleys Frankenstein eller – den moderne Prometevs er andre bok i den nye klassikarserien med verdslitteraturens viktigaste verk i ny nynorsk språkdrakt.

Det opphavlege trebindsverket vert ofte sett på som verdas første science fiction-roman og har hatt enorm påverknad på seinare litteratur og populærkultur, ikkje minst film. Romanpersonen Victor Frankenstein og det namnlause monsteret hans er blitt omgrep på mange språk.

Forfattar Mary Shelley var ein av dei aller første kvinnelege forfattarane som ikkje skreiv under pseudonym. Den første utgåva var publisert anonymt, medan namnet hennar stod på andreutgåva frå 1823. Det at ei kvinne skreiv om eit slikt tema, gjorde henne banebrytande og til ein av dei aller viktigaste forfattarane i verdslitteraturen. Shelley var berre 19 år då ho skreiv første utgåva av verket.

SKALDs klassikarar er ein serie av vellagra, handplukka verk i ny, frisk og nynorsk språkdrakt som skal gi leseglede til folket.

Visste du at du også kan abonnere på Nynorske klassikarar?
Les meir om bokklubben her.

2016
Nynorsk
12,0 x 18,0 cm
320 sider
Innbunden med svart tråd, fleksibind med klaffar i tekstil, silketrykk.

Formgjeving: Stefan Ellmer, Øystein Vidnes, Andreas Töpfer
Omsetjing: Øystein Vidnes

ISBN 9788279592495

Sagt om boka:

«Med vakkert språk og skildringer av mektige fjell og sublime landskap, skriver Mary Shelley rått og brutalt om sorg, forsoning og skyld.»

«Denne vakre bokserien er preget av en slagkraftig estetikk som ikke går på tvers av det litterære uttrykket. Bøkene befinner seg et sted mellom hardcover og pocket innbundet som flexibind med klaff – en nyvinning. De klassiske litterære verkene har fått et tydelig seriepreg med flertydige, slående, ikoniske illustrasjoner og spesialtegnet skrift.»

«Kraftfull i sin enkelhet. Bruken av sterke signalfarger og tidløse illustrasjoner med tydelig symbolikk står godt til den nøytrale typografien, som er spesiallaget for utgivelsen. Det innbundne omslaget i flexibinding er utradisjonelt for sjangeren, og gir bøkene en taktil kvalitet, samtidig som det er funksjonelt.»

«Skald forlag har eit ekte under i emning.»

«Historien er en gjenfortelling av hvordan ondskapen oppsto, i en verden hvor de eneste skaperne vi kan lokalisere, er mennesker. […] Mary Shelleys mest geniale grep i Frankenstein er at hun lar monsteret selv komme til orde og fortelle sin historie.»

«Gleden er ikke mindre ved Øystein Vidnes’ vakre, klangfulle språk i Mary Shelleys Frankenstein eller den moderne Prometevs. Vidnes står også for den vakre grafiske formen, som øker gleden ved disse utgivelsene.»

Handlekorg
Lukk
Handlekorga er tom.
-+
Tittel
Tal
Pris

Totalt: NOK

MVA utgjer NOK

Fri frakt i Noreg

Send inn manus
Lukk
Kjøpsvilkår
Lukk
Foreign rights
Lukk